Eldalstunet

Eldalstunet Gardsmatrestaurant på vegen over Gaularfjellet. Kortreist og eigenprodusert mat på menyen.

Her kjem menyen for sundagsmiddag 20.september.  Dette er nest siste middag før vi avsluttar sommarsesongen for i år. Hu...
18/09/2026

Her kjem menyen for sundagsmiddag 20.september. Dette er nest siste middag før vi avsluttar sommarsesongen for i år. Hugs at vi kjem til å ha nokre sundagar med middag utover hausten. Den første 11.oktober.

- Irish Stew. Irsk nasjonalrett i same kategori som vår fårikål. Med tradisjonelt sodabrød.
- Lettsalta torsk frå Bufi Bulandet med gulrotstuing
- Raspeballar med ryggjkjøt og pølse
- Marits karamellpudding og pærekake

Har og kranskakestenger og lefser til kaffien om det kan friste.
Vi held ope frå klokka 13 til 17.
Ring/SMS gjerne og bestill bord. (Spesielt om de kjem mange i same fylje) Henning 91195578

Vel møtt!

Her kjem menyen for sundagsmiddag 13.september :- Ekstremt kortreist fårikål med kokt potet. - Pannesteikt Viksdalsaure ...
11/09/2026

Her kjem menyen for sundagsmiddag 13.september :

- Ekstremt kortreist fårikål med kokt potet.
- Pannesteikt Viksdalsaure med potetstappe og steikt flesk
- Heimelaga kjøtkaker av Vestlandsk Fjordfe med kokt potet, ertestuing og gulrot

- Suksessterte og smuldrepai med eple og is.

Har og kranskakestenger og lefser til kaffien om det kan friste.
Vi held ope frå klokka 13 til 17.
Ring/SMS gjerne og bestill bord. (Spesielt om de kjem mange i same fylje) Bruk Marit sitt nummer, 95118394, denne helga sidan Henning er på Gaularfjellet og sankar sauer.

Vel møtt!

Hugs no på at vi ikkje har ope for sundagsmiddag denne helga på grunn av konfirmasjonane på Viksdalen. Men vi har ope de...
04/09/2026

Hugs no på at vi ikkje har ope for sundagsmiddag denne helga på grunn av konfirmasjonane på Viksdalen. Men vi har ope dei siste tre sundagane i september.

Her kjem menyen for sundagsmiddag 30.august :(Hugs no at det er stengt her grunna konfirmasjon 6.september - Altso NESTE...
28/08/2026

Her kjem menyen for sundagsmiddag 30.august :

(Hugs no at det er stengt her grunna konfirmasjon 6.september - Altso NESTE sundag)

- Kortreist steik av natursvin med kjøtkake. Kokt potet, brun sos og grønnsaker.
- Ovnsbakt laksefilet med potetstappe og grønnsaker.
- Lammefrikasse av våre eigne Gaularfjellssauer.
-Marits karamellpudding og eplekake til kaffien.
Har og kranskakestenger og lefser til kaffien om det kan friste.
Vi held ope frå klokka 13 til 17.
Ring/SMS gjerne og bestill bord. (Spesielt om de kjem mange i same fylje) Telefon 911 95 578.
Vel møtt!

Her kjem menyen for sundagsmiddag 23.august:(Hugs no at det er stengt pga konfirmasjon 6.september)- Sosekjøt av Vestlan...
21/08/2026

Her kjem menyen for sundagsmiddag 23.august:
(Hugs no at det er stengt pga konfirmasjon 6.september)

- Sosekjøt av Vestlandsk Fjordfe med kokt potet, gulrot og ertestuing
- Steikt Viksdalsaure med potetstappe, grønsaker og steikt flesk.
- Biff Burgund med potetstappe og brød.
- Fløytepudding (Panna Cotta) med bringebærsos
-Plommekake med is.

Har og kranskakestenger og lefser til kaffien om det kan friste.
Vi held ope frå klokka 13 til 17.
Ring/SMS gjerne og bestill bord. (Spesielt om de kjem mange i same fylje) Telefon 911 95 578.
Vel møtt!

Sundag 6.september må vi halde stengt på grunn av konfirmasjonsselskap i lokala våre. Dette beklagar vi.Vi har ope alle ...
21/08/2026

Sundag 6.september må vi halde stengt på grunn av konfirmasjonsselskap i lokala våre. Dette beklagar vi.
Vi har ope alle resterande sundagar frå no og ut september.
Vi har og planar om 3-4 sundagar med middagsservering vidare utover hausten.
Vil gjerne reklamere for mogeligheita til å ta mindre selskap/samlingar i gamlestova på slike sundagar. (Her kan vi skjerme lokalet slik at de kan være meir åleine) I gamlestova er det plass til 20-25 personar maks.

Lenge sidan du har smakt brosme?  No har du sjansen. Du vel sjøl om du vil ete skinnet eller ikkje.😀Her kjem menyen for ...
14/08/2026

Lenge sidan du har smakt brosme? No har du sjansen. Du vel sjøl om du vil ete skinnet eller ikkje.😀
Her kjem menyen for sundagsmiddag 16.august:

- Marits raspeballar med ryggjakjøt og pølse.
- Ekstremt kortreist lammegryte med potetstappe og focaccia
- Brosme frå Bufi Bulandet med kokt potet, ertestuing og steikt flesk
- Sviskekompott med fløytemjølk til dessert eller eventuelt eit stykke med Marit si friske ostekake.

Har og kranskakestenger og lefser til kaffien om det kan friste.
Vi held ope frå klokka 13 til 17.
Ring/SMS gjerne og bestill bord. (Spesielt om de kjem mange i same fylje) Telefon 911 95 578.
Vel møtt! S

Vi er attende frå Karlstad og ferie der og her kjem menyen vår for sundag 9.august 2026 : - Storfeskank (Osso Bucco) med...
07/08/2026

Vi er attende frå Karlstad og ferie der og her kjem menyen vår for sundag 9.august 2026 :

- Storfeskank (Osso Bucco) med potetstappe og grønsaker
- Oksesteik med heimelaga kjøtkake, nypotet frå Bollingberg gard og grønsaker
- Ovnsbakt laksefilet med potetstappe og grønsaker

Til dessert har vi nyplukka bringebær frå Bollingberg i Gaupne med vaniljesos og is.
Marits heimelaga bløtkake har vi og denne gongen

Har og kranskakestenger og lefser til kaffien om det kan friste.
Vi held ope frå klokka 13 til 17.
Ring/SMS gjerne og bestill bord. (Spesielt om de kjem mange i same fylje) Telefon 911 95 578.
Vel møtt!

Vi er på ferie! Det medfører at det ikkje blir sundagsmiddag i Eldalstunet denne sundagen. (2.august)Med vi er attende t...
31/07/2026

Vi er på ferie! Det medfører at det ikkje blir sundagsmiddag i Eldalstunet denne sundagen. (2.august)

Med vi er attende til den neste, 9.august

Denne flotte strikkejakka låg igjen ved parkeringsplassen vår etter forrige sundagsmiddag. Er truleg i storleik 3-5 år. ...
25/07/2026

Denne flotte strikkejakka låg igjen ved parkeringsplassen vår etter forrige sundagsmiddag. Er truleg i storleik 3-5 år. Heimestrikka og utan merkelappar.
Eg tek den inn no og tek vare på den.

Address

Gaularfjellsvegen 1565

6978

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Eldalstunet posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Contact The Business

Send a message to Eldalstunet:

Shortcuts

  • Want your business to be the top-listed restaurant?

Share