Nordic wildfish

Nordic wildfish Nordic wildlfish delivers white fish, fresh frozen at sea, to seafood processors world wide.

11/04/2026

Solveig Roald seier litt å å jobbe hos oss i lokalavisa vår i Giske kommune Øyblikk

Stillingen er nå besatt - tusen takk for søknader, delinger og likes 😁 HASTER - Vi er på jakt etter en vikar fisker til ...
07/04/2026

Stillingen er nå besatt - tusen takk for søknader, delinger og likes 😁

HASTER - Vi er på jakt etter en vikar fisker til Roaldnes med utreise i morgen 08.04.2026 og turen varer til 07.05.2026.

Kvalifikasjoner

• Sikkerhetskurs
• Gyldig Helseattest
• Gyldig Pass
• Relevant erfaring og gode referanser
• Arbeidsspråket ombord er norsk

For spørsmål til stillingen ta kontakt med Solveig Roald på tlf. 90109506 eller send e-post til [email protected]

Av og til får vi besøk frå djupet som ikkje dukkar opp så ofte.Det er mykje vi veit om livet i havet – men endå meir vi ...
02/04/2026

Av og til får vi besøk frå djupet som ikkje dukkar opp så ofte.

Det er mykje vi veit om livet i havet – men endå meir vi ikkje veit. Særleg i Nordsjøen kan trålen av og til bringe med seg uventa gjestar.

Denne gongen fekk Mtr Molnes ein kvitflekket glatthai. Den er no fryst ned og sendt til Havforskningsinstituttet for vidare undersøkingar.

Fakta om arten (Mustelus asterias):
• Relativt liten bunnhai i tempererte farvatn
• Lite kunnskap i Nord-Atlanteren, delvis grunna forveksling med nær slektning
• Levealder: ca. 13–18 år
• Reproduksjonssyklus på om lag to år
• Hoene kan bere ungar frå fleire hannar samtidig

27/03/2026

Ein gledens dag.
For første gong på lenge får vi – i alle fall for ein periode – meir like rammevilkår som konkurrentane våre rundt Nordsjøen når det gjeld avgift på diesel.

Det betyr mindre unødvendig segling.
Mindre segling betyr lågare utslepp.
Konkret: færre turar til Shetland og Bjørnøya berre for å velsigne bunkers.

Bra for næringa. Bra for miljøet.

Men dagens film handlar eigentleg om noko anna.

For sjølv om vi no har teke eitt steg i rett retning på drivstoff, finst det framleis andre rammevilkår som dreg i motsett retning.

Toll på bearbeida fisk er eitt av dei.

25/03/2026

Det har vore langt mellom fiskane i år.
Men her fekk Roaldnes eit godt hal med hyse.

Når trålen kjem på dekk og blir dratt fram av sveipewinchane, tek gilser over og får inn resten.
Til slutt må to gilsewinchar til for å dra trålposen opp slippen.

Det er store krefter i sving.
Mannskapet held seg i sikre soner – verneutstyr er sjølvsagt.

God kommunikasjon med brua er heilt avgjerande.

Denne dagen var vêret på lag.
I ruskevêr er dette ei heilt anna øving.

Flinke folk på dekk.

20/03/2026

Ho mamma veit kva ho snakkar om. Gjer eit klimabevisst og sunt val. Et villfanga fisk nokre gonger i veka!

I dag deltok vi på bluestream. Blue Stream er karrieremessen under Ålesund Sjømatfestival. Ei flott anledning til å vise...
19/03/2026

I dag deltok vi på bluestream. Blue Stream er karrieremessen under Ålesund Sjømatfestival. Ei flott anledning til å vise kva moglegheiter som finst innan fiskeri i regionen. Vi sto på stand i lag med Fiskebåt og Ramoen. Håpet der er nokon talent der ute, som har lyst til å jobbe i den mest framtidsretta næringa. Ålesund Sentrumsforening

Molnes på snarvisitt på Gjøsund. Tester fasilitetene i påvente av at her kjem ei fiskerihamn. Når det ikkje er vêr til å...
18/03/2026

Molnes på snarvisitt på Gjøsund. Tester fasilitetene i påvente av at her kjem ei fiskerihamn. Når det ikkje er vêr til å fiske på Mørebankane nytta vi dagen til byte av stuert, og litt reparasjoner på fryseriet. No er dei på veg til feltet igjen, i håp om litt fisk i mellom to stormar. Kjekt for oss frå land å få kome ombord på besøk. Det er ein flott båt med eit fantastisk mannskap. Og som ein ser, er ikkje all sjøfuglen vekke.

13/03/2026

Det tek tid og kapital og bygge eit rederi i havgåande flåte. Ikkje mange er klar over dette. Som Ståle Otto Dyb sa ein gong. Det er berre optimistar igjen i fiskerinæringa, dei andre har solgt seg ut. VI og fleire andre i Giske kommune har bygd rederi gjennom generasjonar.

På tur til Flume Tanken i Hirtshals saman med Egersund Herøy ASfor å sjå nærare på utvikling av pelagisk reketrål. Her k...
10/03/2026

På tur til Flume Tanken i Hirtshals saman med Egersund Herøy ASfor å sjå nærare på utvikling av pelagisk reketrål. Her kan vi sjå modellar testa i vatn. Dette er lærerikt på alle måtar, ikkje minst for å sjå korleis endringane som vi gjer på innstillingane påverkar nota.

Det kan tyde på at reka i periodar – særleg på hausten – står høgare i sjøen enn vi tradisjonelt har fiska etter. Dersom det stemmer, kan pelagisk trål vere eit interessant alternativ til dagens botntrålfiske.

Fiskearealet etter reke er viktig, og presset aukar etter kvart som fleire trålarar kjem inn i fisket. Då er det ekstra spennande å sjå på nye metodar og teknologiar som kan gi oss fleire moglegheiter.

06/03/2026

Alt var betre før!

Før låg fiskebåtane langs heile fjøra i Giske.
No er dei større og har ingen plass å ligge.
Vi lever av havet.
Likevel er fiskeflåten nesten blitt ein hemmelegheit.

Adresse

Nordstrandfjørå 71
Valderøya
6050

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Nordic wildfish legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Nordic wildfish:

Del