Boxer Studentquiz

Veibeskrivelse

Boxer Studentquiz Krissmaster Kvistian ønsker alle velkomne til Boxerkviss - kvar Tysdag!

(Ein må ikkje vere student for å delta, me får berre ikkje til å endre namn på facebook-sida)

Bonjour! Det er atter ein tysdag, og min metode for å gjere dette til vekas beste dag er å joine Boxerkvissen! Har du ik...
27/10/2026

Bonjour! Det er atter ein tysdag, og min metode for å gjere dette til vekas beste dag er å joine Boxerkvissen! Har du ikkje vore med før? - Det er berre å hoppe i det! Var du med sist og følte deg ikkje igjen so bra? - Den einaste måten bounce back er å delta!

Dørene opnar ca. kl. 18
Kvissen startar 1930 og varar til ca. 22.
Det kostar 35kr per pers å bli med.
Lag med meir enn seks personer får minuspoeng.

På bildet ser de samanlagttabellen etter 10 rundar.

Vel møtt! 🥊 🤓

På tysdag hadde me spørsmål om blant anna bølger, BMW, sopp og Eurovision, og det vart douze points til Pilsemenigheten....
25/10/2026

På tysdag hadde me spørsmål om blant anna bølger, BMW, sopp og Eurovision, og det vart douze points til Pilsemenigheten. Graulerer 🥳

Det vart eitt heilt og to halve solopoeng denne veka:
Quizzatrengt var dei einaste som visste kva slags bølge-dag som vart markert 15. oktober, Tove Bjørgaas var einaste lag som hadde artisten bak den populære Eurovision-låta Snap (men dei mangla kva land ho er frå), og Trond Morset, takk! visste kva den franske sangaren bak Poupée de cire, poupée de son heitte. Det var tre andre lag som kunne/gjetta at den sistnemnte låta var Luxembourg sitt bidrag, men dei mangla artisten.

Andre vanskelege spørsmål denne veka inkluderte kva type sopp malaco sitt skumgodteri skal forestille (I godt lag og Pilsemenigheten), kva teikneserie nokre raud-kvite eksploderande soppar var frå (TBEM og Pilsemenigheten), og namnet på den meir enn 100 år gamle butikken i Midtbyen med norges største Luxaflex-showroom (TBEM, IGL og Pilsemenigheten).

Mange lag skjønte at Eurovision-låta Rock Me var frå eit land som ikkje eksisterar lenger, og gjetta riktig på landet, men ingen visste kva band som framførte låta.

Vedlagt ser de resultatlista og spørsmåla frå fyrste omgong. Fasit kjem i kommentarfeltet.

Ha ei fortsatt fin helg!🥊🤓

Livet svinger opp og ned meir eller mindre uforutsigbart, men på tysdagar kan ein sikre at utslaga blir positivt forster...
20/10/2026

Livet svinger opp og ned meir eller mindre uforutsigbart, men på tysdagar kan ein sikre at utslaga blir positivt forsterka ved å delta på Boxerkvissen. Ok, so er eg kanskje ikkje ein nøytral observatør, men eg meiner det beste valget du kan gjere er å ta turen ned i kveld.

Dørene opnar ca. 18.
Kvissen startar 1930 og varar til ca. 22.
Det koster 35 per pers å delta.
Minuspoeng for lag som er fleire enn seks.

På vedlagt bilde ser de samanlagttabellen. Sidan me er halvvegs har eg tatt bort den svakaste runden til alle lag som har vore med kvar gong, so no er alle summar reelle.

Vel møtt! 🥊 🤓

Førre tysdag hadde me spørsmål om blant anna norske kommunar, 2000-talets beste TV-seriar og fabeldyr, og det var til sl...
19/10/2026

Førre tysdag hadde me spørsmål om blant anna norske kommunar, 2000-talets beste TV-seriar og fabeldyr, og det var til slutt Vi som hang på KBS som dempa entusiasmen til resten av feltet. Gratulerer🥳

Rundens solopeng:
Quiztionable choices visste kor mange kommunar som finst i dag, og Erik & Quiz kunne artisten bak låta Ain't in LA. Sterkt 💪

Duopoeng vart delt ut for å kunne det vitskaplege for kjølige vinar som bles nedover skråningar (Quizzatrengt og Quiztionable Choices), og for bandet bak Quick Death in Texas (Boxerkvissers

Endå ein tysdag er her med brask og bram, og på ein kjølig oktoberkveld finst det vel lite som e betre enn å stikke på B...
13/10/2026

Endå ein tysdag er her med brask og bram, og på ein kjølig oktoberkveld finst det vel lite som e betre enn å stikke på Boxerkviss?! Ein rask kikk på kalenderen seier meg at dette er halvvegspunktet i sesongen, og for dei med samanlagtsambisjonar handlar det om å halde hovuda kalde og ikkje bli for dvask på bakre niar.

Dørene opnar ca. 18.
Kvissen startar 1930 og varar til ca 22.
Det kostar 35kr per pers.
Minuspoeng for lag med fleire enn 6.

Vedlagt bilde viser samanlagtlista etter 8 rundar. Frå og med neste veke kjem eg til å trekke frå svakaste runden til laga.

Vel møtt! 🥊 🤓

På tysdag hadde me spørsmål om blant anna paradokser, slott og sosiale deduksjonsspel. Dette førte til eit dødt løp mell...
09/10/2026

På tysdag hadde me spørsmål om blant anna paradokser, slott og sosiale deduksjonsspel. Dette førte til eit dødt løp mellom Pilsemenigheten og Quizzatrengt, men etter ein tiebreak om antal bokstavar i Llanfair­pwllgwyngyll­gogery­chwyrn­drobwll­llan­tysilio­gogo­goch kunne sistnemnte endeleg innkassere haustens fyrste premie. Gratulerar 🥳

Det var fire solopoeng denne veka, og heile tre av dei gjekk til Tove Bjørgaas er mother!!. Dei kunne kunne heile namnet på den russiske båten som vart tatt i arrest på Svalbard i førre månad, gjetta kva råvare Kina ikkje er verdens største produsent av, og namnet på svensken som hadde ein hitt med Flytta på dej. Sterkt 💪 Quizzatrengt tok det siste for å vite appelsintypen ein kryssa sukatsitron med for å skape den moderne sitronen.

Vekas nest vanskelegaste spørsmål handla om norges største butikkjede pr 2025 (Vi som hang på KBS og Trond Morset, takk), eit visst rumensk slott (KBS og Pilsemenigheten), sosial-deduksjonsbrettspelet med spin-offen Avaon (QT og TBEM), og den engelske økonomen som namngjer eit paradoks om effektivt forbruk av ressursar (Quiztionable Choices og Klinekroken IL).

Vedlagt ser de som vanleg resultatliste og spørsmål frå fyrste omgong. Fasiten kjem i kommentarfeltet.

God helg! 🥊🤓

Haustferie schmaustferie, eg tenker det blir ingen sure miner om me køyrer på med Boxerkviss som vanleg i kveld. Dra dyk...
06/10/2026

Haustferie schmaustferie, eg tenker det blir ingen sure miner om me køyrer på med Boxerkviss som vanleg i kveld. Dra dykk opp etter skolissene og ta turen ned til byens største produsent av hodebry og flisespikkeri.

Dørene opner ca. kl. 18.
Kvissen startar 1930 og varar til ca. 22.
Pris: 35kr per deltakar.
Minuspoeng for lag med fleire enn 6.

Tabellen viser samanlagten etter 7 rundar.
Vel møtt! 🥊🤓

Førre tysdag hadde me ein kviss med spørsmål om blant anna fotball, tennis, basketball, tatoveringar og Panama, og det v...
06/10/2026

Førre tysdag hadde me ein kviss med spørsmål om blant anna fotball, tennis, basketball, tatoveringar og Panama, og det var Pilsemenigheten som rebounda og tok nok ein seier. Gratulerer 🥳

Dette vart ein av årets tøffaste kvissar, noko som openbart er eit resultat av vikaren min som... eh... ikkje gav nok ekstrahint undervegs. La oss seie det sånn. Uansett stor takk til Arild som hoppa inn på kort varsel👏

Rundens solopoeng:
Quizzatrengt var dei einaste som klarte neste astronaut i (den omvendt kronologiske) rekka. Erik & Quiz kunne den russisk/kasakhstanske verdenseinaren i kvinnetennis samt barnesang-figuren som "spiser uten takt og tone". Og Pilsemenigheten prikka inn den tyske foregangsmannen innan firetaktsmotorar. Sterkt 💪

Det var òg ein del spørsmål berre to lag klarte. Den kjende kvinna med roser og eit lam tatovert på ryggen (Qt og E&Q), advokatfirma i sentrum for panamapapira (Qt og Tove Bjørgaas er mother!) , jentebandet bak låta Pretend We're Dead (Vi som hang på KBS og TBEM!) og jentegruppa som hadde hitten Whatta Man saman med Salt-N-Pepa (Qt og E&Q).

Ingen lag klarte kven som vann nobelprisen i litteratur året før Louise Glück eller å kjenne at tatoveringane til Brynjar Meling.

Vedlag er resultatlista og spørsmåla frå fyrste omgong. Fasit kjem i kommentarfeltet.

Det er ikkje haustferie på Boxer, so eg kjem tilbake med post om kveldens kviss om ei lita stund. Snakkast! 🥊🤓

Det blir kviss i kveld som vanleg, men som uvanleg har eg måtta hente inn ein vikar grunna sjukdom. Kveldens kviss blir ...
29/09/2026

Det blir kviss i kveld som vanleg, men som uvanleg har eg måtta hente inn ein vikar grunna sjukdom. Kveldens kviss blir derfor halde av Arild Tørum.

Dette vart bestemt litt seint, so spørsmåla blir som (nesten) alltid forfatta av meg (Kristian), berre eg rekk skrive dei ferdig før start. Grunna dette stresset har eg ikkje gidda legge inn finurlege/umoglege hint til kategoriane i denne teksten, og seier heller rett ut: Me skal til latin-amerika ein gong i løpet av kvelden.

Som ellers:
Dørene opner ca. 18.
Kvissen startar 1930 og varar til ca. 22.
Det kostar 35 pers å vere med.
Minuspoeng per person over 6stk på laget.

Bildet viser samanlagttabell etter ein tredjedels sesong er gjennomført.

Lukke til i kveld (til både deltakarar og KM) 🥊🤓

På tysdagen som var hadde me spørsmål om blant anna True Crime, fjeslogoar og verdensleiarar frå Civilization-spela, og ...
27/09/2026

På tysdagen som var hadde me spørsmål om blant anna True Crime, fjeslogoar og verdensleiarar frå Civilization-spela, og resultata tilseier at Vi som hang på KBS har brukt sine timer på i det berømte "gutterommet". Gratulerer 🥳

I snitt var dette ein av dei snillare kvissrundane i år, og me hadde faktisk ingen solopoeng!

Rundens vanskelegaste spørsmål var bandet bak emo/poppunk-låta Face Down, berre klart av Et kongerike for en SAMA og Pilsemenigheten.

Elles var dei vanskelegaste spørsmåla denne veka opphavslandet til golferen Nelly Korda (SAMA, Erik & Quiz, og KBS) og logoen til eit tequilamerke oppkalla etter ein mesoamerikansk sivilisasjon (Trond Morset, Takk!, KBS og Menigheten).

Som vanleg er resultatliste og spørsmål frå fyrste omgong lagt ved. Fasit kjem i kommentarfeltet.

Fortsatt god søndagskveld! 🥊🤓

Adresse

Olav Tryggvasonsgate 33
Trondheim
7012

Åpningstider

Mandag 11:00 - 00:00
Tirsdag 11:00 - 00:00
Onsdag 11:00 - 01:00
Torsdag 11:00 - 01:00
Fredag 11:00 - 02:00
Lørdag 11:00 - 02:00

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Boxer Studentquiz legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del

Kategori

Restauranter i nærheten