Bakeriet Frugård

Bakeriet Frugård Ein institusjon i utelivet på Stord. Her kan du treffa folk i eit uformelt miljø både dag og kveld
(258)

20/09/2026

Ny glitrande hausthelg i ARENA 🍂

Tusen takk til Bare Egil Band og TØFL som fekk oss til å le så me grein og dansa og synga.

Neste helg klemmer me til med ny Country Music Fest. Fredagen er utseld, men det fins billettar til lørdag her: https://frugard.ticketco.events/no/nb

Kulturøya Stord leverer jaggu denne helga, og 🍂🎸🎶 I ARENA byr me på Bare Egil Band, fredag og TØFL på lørdag. Bare Egil ...
16/09/2026

Kulturøya Stord leverer jaggu denne helga, og 🍂🎸🎶 I ARENA byr me på Bare Egil Band, fredag og TØFL på lørdag.

Bare Egil Band lovar ei variert konsertoppleving, men dette er ei grov overdriving. Det blir som vanleg akustisk gitarspeling og ein songstil som spenner frå mumlesong til skriking. Men underhaldande blir det!

TØFL slapp nett ny plate og spelar sine største klubbkonsertar over heile landet! Enorm energi, relaterbare tekstar og rungande allsong. Skillet mellom publikum og bandet opphøyrer, og det er som om heile salen strekker seg mot noko større ilag.

Billettar finn du her: https://frugard.ticketco.events/no/nb

Her er 16 ting du kan finna på i Sunnhordland i helga.

Velkomen til ein kveld der du får oppleve ein heil roman, lesen av forfattaren sjølv – live frå scenen!Dette blir ein ek...
16/09/2026

Velkomen til ein kveld der du får oppleve ein heil roman, lesen av forfattaren sjølv – live frå scenen!

Dette blir ein ekte lesemaraton som vil vare i 2–3 timar, sjølvsagt med velfortente pausar undervegs, der publikum kan strekkje på beina og kjøpe seg noko godt.

Erlend Loe er kjend som ein særeigen opplesar – med humor, varme og perfekt timing. Har du høyrt nokre av bøkene hans som lydbok, veit du kva vi snakkar om.

Om «Ku**ne/Kukane»:
«Ein dag fell pen*sen til Tander av medan han står i dusjen. Det er lite ideelt og passar dårleg, mildt sagt.» Slik byrjar Ku**ne / Kukane – ei forteljing om tap, tilknyting og fridom, om kropp, skam og om kva det eigentleg vil seie å vere heil.

Forteljinga er absurd, morosam og tankevekkjande. I kjend Loe-stil balanserer ho lettheit og djupn, med eit blikk for det menneskelege som er både ømt og burlesk.

Boka fekk ei rekkje strålande meldingar då ho kom ut i fjor haust, og ho vart òg nominert til Bokhandlerprisen.

Frå meldingane:

«Når lo eg høgt av ein roman sist? Altså, beint fram skratta?» NRK «Loe er morsom, veldig morsom.» Dagbladet «Forfatterens tørrvittige stil er perfekt for absurde historier som dette.» Stavanger Aftenblad «Det er bare Loe som kan finne på noe så vilt og originalt, her er nok stoff til å kurere en lett høstdepresjon.» Adresseavisen «Loe er som alltid en morsom forfatter. Han skriver med en letthet som er beundringsverdig.» VG

Arrangementet er eit samarbeid mellom Bakeriet Frugård og Stord Mållag 🍂✨

https://frugard.ticketco.events/no/nb/e/erlend_loe_les_kukenekukane_live

14/09/2026

Bare Egil Band kjem på besøk, fredag 18. september!
Egil lovar ei variert konsertoppleving, men dette er ei grov overdriving. Det blir som vanleg akustisk gitarspeling og ein songstil som spenner frå mumlesong til skriking. Men underhaldande blir det!
https://frugard.ticketco.events/no/nb/e/bare_egil_band

13/09/2026

Ei aldeles glitrande septemberhelg i ARENA!
Tusen takk til alle store og små som kom og fylte lokalet med smil, dans og allsong.

Neste helg klemmer me til med nye godbitar 🍂

Fredag 18. september: Bare Egil Band
Lørdag 19. september: TØFL

Sikra deg billett her: https://frugard.ticketco.events/no/nb

Super sesongstart i ARENA i går ✨I dag klemmer me til med familiekonsert kl 13. Naboen min stiller med fullt band og ryk...
12/09/2026

Super sesongstart i ARENA i går ✨

I dag klemmer me til med familiekonsert kl 13. Naboen min stiller med fullt band og rykande fersk plate i kofferten. Kl 18 kjem Bård Ose til oss og fortel om the Rolling Stones- Her blir det gode historier, bilde og rikeleg med musikkeksempel. Vel møtt 🍂🎸🎶

https://frugard.ticketco.events/no/nb

Rundt 250 personar tok turen til Arena fredag kveld for å få med seg det bergensbaserte Kim Larsen-tributebandet This Was My Life. Då arrangøren såg oppmøtet, booka han like godt bandet til neste år.

Adresse

Borggata 20
Stord Island
5417

Åpningstider

Mandag 10:30 - 00:00
Tirsdag 10:30 - 00:00
Onsdag 10:30 - 01:00
Torsdag 10:30 - 00:00
Fredag 10:30 - 03:00
Lørdag 10:30 - 03:00
Søndag 14:00 - 00:00

Telefon

+4753410534

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bakeriet Frugård legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Bakeriet Frugård:

Snarveier

Del