Gamlastovo Gardsrestaurant

Gamlastovo Gardsrestaurant Gamlastovo Gardsrestaurant invites to food- and cultural experiences beyond the usual in authentic surroundings at Fykse in Fyksesund Ladskapspark.

The restaurant has achieved a reputation as one of the most special in Hardanger.

KNUT MED FELA - Konsert og føredrag på Fykse, fredag 16.januar 2026 kl.19.00. Billettar i døra. Pris: Vaksen kr 300,- Pr...
01/12/2025

KNUT MED FELA - Konsert og føredrag på Fykse, fredag 16.januar 2026 kl.19.00.
Billettar i døra.

Pris: Vaksen kr 300,-
Pris u/16 år: 150,-
Det er mogeleg å kjøpa enkel kaffimat.
Ting gjerne plass på førhand på epost til [email protected]

Plata, «Frå scenen» – liveopptak frå eit langt liv som spelemann blir presentert.

Knut tek med seg elevar og fotograf og produsent for plata
Kjell Bitustøyl på ein liten miniturné i Hardanger. Gamlastovo på Fykse er ein av stoppestadane.
Knut Hamre frå Folkedal i Hardanger er kjent som ein glitrande formidlar av slåttespel på hardingfele og har gjennom mange år gjeve publikum musikalske opplevingar som mange vil hugsa resten av livet. At han har vunne landskappleiken klasse A heile sju gonger seier sitt om spelemannen som formidlar av slåttespel på hardingfele. Knut har bak seg mange studioinnspelingar både som solospelemann og i samspel med andre felespelarar og andre musikarar frå fleire ulike sjangrar. Det som no manglar i katalogen over plater Knut har gjeve ut eller vore med på, er solospel frå scenen, det ein gjerne kallar ei live-plate. Det er vel kjent at mange spelemenn yter sitt aller beste når dei kan spela framfor eit publikum og Knut Hamre er ein slik spelemann. På denne plata har me samla dei beste kappleiksopptaka, mest av alt frå Landskappleikane, supplert med nokre konsertopptak. Desse opptaka representerer Knut på sitt aller ypparste over ein periode på over 20 år. Det eldste opptaket på plata er frå 1978 og dei nyaste er frå 2001. Det er plateselskapet Ta:lik som har gjeve ut plata.
Knut vil ha med seg to av elevane sine i denne konserten, i tillegg vil Kjell Bitustøyl vise bilete av Knut med fela i ymse situasjonar både innanlands og utanlands. Knut vil både fortelje og spela, likeins vil me få høyre smakebitar frå plata.
Vel møtt.

03/10/2024
Planlegg du eit selskap, arrangement eller møte? Ta kontakt på: afykse@icloud.com eller tlf/sms til 97168511. Lokal mat,...
01/03/2024

Planlegg du eit selskap, arrangement eller møte? Ta kontakt på: [email protected] eller tlf/sms til 97168511.
Lokal mat, drikke, kultur i genuine selskapslokale. Unikt grendemiljø og kulturlandskap.
Helsing Arne.

24/12/2023

PINNAKJØT FRÅ FYKSE
Pinnakjøt:
Takk for at De har kjøpt pinnakjøt hjå oss. Når du får tilsendt kjøtet, så legg det i frys til eit par dagar før du skal bruka det.
Ta det opp av frys og la det tina. Legg så oppskore kjøt i rikeleg, kaldt, stilleståande vatn i ca 16- 24 timar. Dette er for å trekkja ut salt og la kjøtet svella. Likar du godt med saltsmak, bruk 16 timar. Ved damping kan ein gjerne gå opp til 24 t.
Forslag Kokevarianten:
La kjøtet få eit oppkok i rikeleg med vatn. Smak på vatnet etter ein halv time. Dersom det er for salt, slå av litt av vatnet, og erstatt med nytt friskt vatn til du finn rett saltinnhald. (kun små justeringar. Det er ikkje bra å trekkja ut for mykje salt. Saltsmaken skal og vera framtredande på pinnakjøt.
Småkok/trekk (la det bobla svært lett) kjøtet i 2,5-3 timar. Slå på meir vatn etter kvart som det kokar inn. Kjøtet er ferdig når det losar beinet lett. Ikkje slå ut vatnet/ smelta feitt som ligg att i gryta. Det skal brukast til flotet.
Ta forsiktig opp pinnekjøtet med ei fiskeause el.l og legg det over i ei langpanne og set denne i steikeovnen på ca 225 grader. Skjerp kjøtet nokre minutt til det byrjar og fresa og feittet får ein gyllen farge. Server straks på varme fat.
Å koka på denne måten gir ei flott beinkraft som bonus. Kan frysast og brukast til betasuppe td. MEN: Gjer det på den måten du er vane med og trygg på. Det er heilt flott.

Kålrotstappe:
Pinnekjøtet vert i Hardanger servert saman med ei solid kålrotstappe. Denne er laga av:
1 kg kålrot,
250 g gulrøter.
150 g meierismør,
½ boks seterrjome
juster konsistens med kremfløyte evt. litt beinkraft.
La dampa av seg etter at vatn er slått av.
Smak til med salt og pepper evt muskatnøtt. Bland med stavmiksar til ønskt konsistes.
Til ca 6 pers.
Poteter.
Bruk poteter du likar.
Flot:
Ta av ein del av det flytande feittet som legg seg på toppen av gryta når du kokar kjøtet.
Halvbland dette med smelta meierismør. Server rykande varmt i sausnebb.
Heimelaga flatbrød og drikke.
Om du har tilgang til det server gjerne med ekte heimelaga flatbrød. Heimelaga flatbrød kan
du prøva å få tak i lokalt. Attåt kan du servera friskpressa eplesaft, øl, hardingøl og akevitt.
Ved å nytta dei oppskrifter og det tilbehøret som her er omtala, meiner me at gjestene vil få ei smaksoppleving som er av det beste Hardanger kan visa til.

TAKK, for at du kjøper pinnakjøt hjå oss og er med å oppretthalda lokal matproduksjon og tradisjonell kunnskap. Med helsing Arne Fykse
God Jul !

16/11/2023
31/10/2023

Takk for at mange syner interesse. Ein del sams spørsmål kjem opp:

Teknisk/praktisk informasjon:

Pris: Kr 479/kg.
Me satsar på kvalitet, handarbeid, kunnskap og ekte tradisjon.

Ei tørka-røykt side er 2,5-3 kg. (5-7 måltid)
Ei heil side blir kappa i serveringsstykke og pakka i pose.

Frakt:
Me sender Norgespakke kringom i landet.

Oppbevaring og utvatning:
Me rår til å oppbevara i frysar fram til bruk.
Deretter tining og utvatning i 24 timar, før tradisjonell damping eller koking.
Mvh Arne
Tinging på sms til 97168511.

Me har enno noko pinnakjøt til julemiddagen. Tinging sms til 97168511.
08/12/2021

Me har enno noko pinnakjøt til julemiddagen. Tinging sms til 97168511.

Pinnakjøt frå Fykse er ferdig. Du kan tinga direkte på sms til 97168511, eller kjøpa lokalt på Gardsbutikken i Øystese. ...
10/11/2021

Pinnakjøt frå Fykse er ferdig. Du kan tinga direkte på sms til 97168511, eller kjøpa lokalt på Gardsbutikken i Øystese. Me vil og ha utsal og utlevering av tinga varer på den flotte julemarknaden til Berge Gard og Gartneri laurdag 20.nov.

Framsyninga Lurleik tek fatt i Per Sivle sitt dramatiske liv og dikting framført med vossastubbar, soger og songar. 8.ok...
10/09/2021

Framsyninga Lurleik tek fatt i Per Sivle sitt dramatiske liv og dikting framført med vossastubbar, soger og songar. 8.okt kl.19.00 på Skykkjeskukkjen- Fykse. Påmelding og billett på Vipps 708369.

Servering av måltid med nytt produkt-røykt Eldost frå Hardanger bygdeysteri, lokalt øl, sider og heimepressa eplesaft. Velkomen til ein hugnadskveld på Fykse.

07/07/2021

Litt om liv og virke på Fykse.

Adresse

Klyvevegen 82
Steinstø
5612

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gamlastovo Gardsrestaurant legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Gamlastovo Gardsrestaurant:

Del