Fjordstova

Fjordstova Fjordstova - the meetingpoint for locals and visitors. Open daily from 08-22. Café and pool. KAFE
Opningstider i høgsesongen er:
Kvar dag 11-19

Frå 14.

Fjordstova er eit fleirbrukshus med kafe, turistinformasjon, badebasseng, klatrevegg, gymsal, bibliotek, skytebane, trimrom og møtelokale. August
Kvar dag 14-19

Om hausten og vinteren er opningstidene:
Tysdagar 18-21
Fredagar 18-21
Søndagar 16-19

BASSENG
Ope når kafeen er open. Badevakta er der kvar dag frå 15 til 19, unnateke Mandagar. Billettar kjøpast i kafeen
Vaksne 50,- kr
Born 30,- kr

TUR

ISTINFORMASJON
ope når kafeen er open. KLATREVEGG
Me har diverre ikkje guidar til klatreveggen, så all sikring må dykk stå for sjølve. Dagskort i klatreveggen:
Vaksne 50,- kr
Born 25,- kr
Leige av tog og sele kostar 30,- kr
Me har eit begrensa utval av sko til leige, 10,- kr

UTLEIGE
På Fjordstova kan du leige sykkel og sit-on-top-kajakk. Prisar kajakk:
Heil dag (14-19) 300,- kr
4 timar 200,- kr

Prisar sykkel:
Heil dag (14-19) 300,-
4 timar 200,-

INTERNETT
Fjordstova har trådlaust nett. Passord får dykk i turistinformasjonen. Det er og ei datamaskin ein kan bruka på huset,

🌼INFO🌼Den siste veka med Sommarkafé ser slik ut:☕️Tysdag 18.8 Open kafé 14-19. Middag.Me har også matservering til 130 p...
18/08/2026

🌼INFO🌼
Den siste veka med Sommarkafé ser slik ut:

☕️Tysdag 18.8
Open kafé 14-19. Middag.
Me har også matservering til 130 pensjonistar kl 15, så greier nok ikkje å starte med anna mattilbud før kl 16.

☕️Onsdag 19.8
Open kafé 14-19. Middag

☕️Torsdag 20.8
🛳️Skip og open kafé 10-19. Middag

☕️Fredag 21.8
Open kafé 14-19. Middag
❤️Bryllupspub-privat arr og låste dør frå kl 19

☕️Laurdag 22.8
Open kafé 14-19. Middag

☕️Søndag 23.8
Open kafé 14-19. Middag

☕️Måndag 24.8
🛳️Skip og open kafé kl 10-15.

☕️Tysdag 25.8
Kino og open kiosk og kafé kl 17-20

🌼Så vert det tid for ferie. Men kafé og basseng held ope ca 10-15 på dagar med 🛳️skip. Velkommen til alle!

😀Me opnar att kafé og basseng frå 27.9 og markerar Verdsdagen for psykisk helse i lag med IL Fanaråk.
Set av ettermiddagen til mange kjekke aktivitetar og kveldsmat på Fjordstova!

👉Opningstider framover:Ope kl 12-19 i morgon, deretter ope kl 14-19 den siste veka 17.-23.8.SØNDAG 16.8🌼 Rødspette, Biff...
15/08/2026

👉Opningstider framover:
Ope kl 12-19 i morgon, deretter ope kl 14-19 den siste veka 17.-23.8.

SØNDAG 16.8
🌼 Rødspette, Biffsnadder, Omelett

DAGENS MIDDAG
🌼 Steikt aure med sitron og vårløk, kokte poteter, grønsaker og hollandaise saus - så lenge vi har
🌼 Betasuppe og rømmegraut

🍧☕️ Panacotta med solbærsaus og kaker

⏱️ Sommarkafeen held ope t.o.m. 23.8.26.

14/08/2026

Litt endringar på Fjordstova framover:
Ope kl 12-19 i helga. Deretter ope 14-19 frå 17.8.
👉Smårettar frå kl 12 og middag frå kl 15.

LAURDAG 15.8
🌼Rødspette, Biffsnadder, omelett og rømmegraut.
🌼 Spareribs / grillribber med pomfri, potetsalat, coleslaw og mais - så lenge vi har

SØNDAG 16.8
🌼 Rødspette, Biffsnadder, Omelett og Rømmegraut.
🌼 Steikt aure med sitron og vårløk, kokte poteter, grønsaker og hollandaise saus - så lenge vi har
🌼 Krema kyllinggryte, ris/poteter og salat

🍧☕️ Panacotta med bærsaus og kaker

⏱️ Sommarkafeen held ope t.o.m. 23.8.26.

10/08/2026

Tusen takk til alle som tok søndagsturen på Fjordstova i går. 29 fekk seg dagens middag og totalt var det over 50 som kjøpte seg mat 😎

Våre kebabwraps er også populære og lett å ta med seg på tur 👌

🌼 Sommarkaféen på Fjordstova har ope 20.6-20.8 kvart år. I år held me ope kvar dag t.o.m. 23.8 og kun ved anløp av cruiseskip etter det.
🌼 I oktober startar kafékveldane att, tysdag, fredag og søndagar. Meir info og program kjem.

OPNINGSTIDER
10.-16.8 kl 12-19
17.- 23.8 kl 14-19
Langope 20.8 pga skip: kl 10-19
Middag kvar dag

👉Elles ope frå minimum kl 10-15 når vi har besøk av skip på Skjolden

Me førebur dagens middag i morgon: Sosekjøt som har kokt seg mørt i 3 timar og nydeleg kraft til sausen. Da blir det fle...
08/08/2026

Me førebur dagens middag i morgon: Sosekjøt som har kokt seg mørt i 3 timar og nydeleg kraft til sausen.

Da blir det fleire typar dagens middag så lenge lageret held
👉Sosekjøt og kjøttkaker med poteter & kålstuing
👉Krema pølsegryte med kokte poteter
👉Betasuppe
👉Rømmegraut og spekemat

I tillegg til vår vanlege á là carte meny.
🍧Velkommen

SET AV SØNDAG 6. SEPTEMBER KL 19Skjolden får besøk av songar Bodil Rørtveit og me er visse på at ei slik musikalsk opple...
05/08/2026

SET AV SØNDAG 6. SEPTEMBER KL 19
Skjolden får besøk av songar Bodil Rørtveit og me er visse på at ei slik musikalsk oppleving har me ikkje hatt på Fjordstova før. Ho turnerar med lydteknikaren sin og vil ta oss med inn i eit musikalsk landskap som kanskje kan definerast som både vakkert, mystisk og trolsk. Ei flott stemme som vert forsterka med magiske effektar og gir ei oppleving som ein vil hugsa lenge!

Me arbeidar med andre aktivitetar som godt kan kombinerast med denne musikken, så meir informasjon kjem etterkvart.

Dersom du vil ha ein smakebit, så høyr her:
https://www.youtube.com/watch?v=mW9KcPQmlEI

Den siste turen i år frå Sky Princess😎 Eit flott skip med blide folk frå heile verda. 🇳🇴 På Fjordstova hadde me omsetnin...
05/08/2026

Den siste turen i år frå Sky Princess😎 Eit flott skip med blide folk frå heile verda.

🇳🇴 På Fjordstova hadde me omsetningsrekord i går i kafeen. Me hadde to rundar med «Guida matbrett» og ei familiegruppe frå skipet på 44 pers som feira jubileum. Dei fekk lokal eplemost, heimelaga betasuppe, kaker og tre lokale kulturinnslag med felespel, kveding og føredrag om Skjolden. Til mange tusen!

Foto:Olav Bolstad

Da var nye 40 liter med betasuppe i boks og snart i frysen. Med kraft frå griseknokar, godsaker som ribbe, steik, pølser...
28/07/2026

Da var nye 40 liter med betasuppe i boks og snart i frysen. Med kraft frå griseknokar, godsaker som ribbe, steik, pølser, kjøttkaker mm, så vert det godt👌 Eit populært glutenfritt innslag på Fjordstova i sommar!

🌼Open kafé til kl 19, med lunsj frå kl 12 og middag frå kl 14 kvar dag til 20.8
🌼Velkommen

Nokon som kjenner til denne jarnbjelken eller veit kven den tilhøyrer? Ta kontakt med Fjordstova 👍
28/07/2026

Nokon som kjenner til denne jarnbjelken eller veit kven den tilhøyrer?
Ta kontakt med Fjordstova 👍

Travelt på Fjordstova👌sjølv utan skip i bygda. Slik skulle det ha vore kvar dag 😎Teamet på kjøkkenet har fått køyrt seg ...
22/07/2026

Travelt på Fjordstova👌sjølv utan skip i bygda.
Slik skulle det ha vore kvar dag 😎

Teamet på kjøkkenet har fått køyrt seg i dag - over 80 lunsj, middag og småretter servert.

Me har betasuppe, rømmegraut, kebabwraps og andre smårettar frå kl 12, så er det middag frå kl 14. Enkelte dagar har me «dagens» i tillegg, oftast i helgane. Kafeen og bassenget stenger kl 19 og kjøkenet stenger kl 18.30. Men, har me att suppe, graut og dagens middag, så sel me det til kl 19. Det kan no hende at det enkelte dagar vert litt endringar i menyen, men me prøver å halda kursen rett.
🌼Velkommen🌼

Adresse

Skjolden 1
Skjolden
6876

Åpningstider

Mandag 08:00 - 22:00
Tirsdag 08:00 - 22:00
Onsdag 08:00 - 22:00
Torsdag 08:00 - 22:00
Fredag 08:00 - 22:00
Lørdag 08:00 - 22:00
Søndag 08:00 - 22:00

Telefon

57686744

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fjordstova legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Fjordstova:

Snarveier

Del