Nutheim Gjestgiveri

Nutheim Gjestgiveri Me på Nutheim kan garantere at både kropp og sjel vil ha det godt her hjå

oss. Kunsten står i høgsetet hjå oss.
(277)

Om du skal på kurs, har noko å feire, vil reflektere eller berre stoppe

og kvile er Nutheim staden. Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive trehotell i hjartet av Telemark med lang tradisjon

for å ta imot vegfarande til servering og overnatting. Staden har vore i familiens eige sidan

1917, og hotellet drivast no av Ellen Grøstad Barstad og hennar familie. Det var hit til Nutheim mange av våre fremste målarar kom for inspirasjon gjennom fleire tiår. Her tok dei for seg av ro, lys, luft og motiv - men også av mat, drikke og gjestfridomen. Den fjerne utsikta over dalar og fjell inspirerer like mykje til sjelefred som til nye djerve tankar. Saman med fellesskapet forløyste desse rammene skapande krefter som har sett djupe spor i

norsk kunsthistorie. Nutheim er den dag i dag ein arena for kunst og kultur. Med jamne mellomrom held me arrangement i form av til dømes utstillingar og konsertar,

og dersom kursgjester eller andre har ynskje om kulturinnslag kan me ty til eit breitt utval

av dyktige kunstnarar og underhaldarar i lokalmiljøet.

Festkveld på Nutheim med levande musikk!🎶Kjenner du at haustmørkret og kalde kveldar nærmar seg? Ver ikkje redd, fredag ...
24/09/2026

Festkveld på Nutheim med levande musikk!🎶

Kjenner du at haustmørkret og kalde kveldar nærmar seg? Ver ikkje redd, fredag 2. oktober inviterer Nutheim til ein fest med levande musikk som vil fylle deg med energi og glede som varmar langt inn i hausten. Ikkje berre eitt, men TO band, Ecokrim og Kjeltring, fyller (fest)låven med råtøff musikk inspirert av jazz, rock og folkemusikk.

Hjarteleg velkommen til fest på Nutheim fyrste fredagen i oktober!
Dørene opnar: kl. 20

Nokre møte treng litt andre omgjevnader 🌿På Nutheim kan de samle kollegaer til kurs, konferanse og gode samtalar – med f...
23/09/2026

Nokre møte treng litt andre omgjevnader 🌿

På Nutheim kan de samle kollegaer til kurs, konferanse og gode samtalar – med fjell og natur rett utanfor døra, heimelaga mat på bordet og rom for både fagleg påfyll og sosialt samvær.

Her er det lett å senke skuldrane, løfte blikket og kanskje få fram dei idéane som ikkje alltid kjem på møterommet på kontoret.

Vi legg til rette for små og større grupper, og hjelper dykk gjerne med å skape eit opphald som passar akkurat dykk.

✨ Kurs og konferanse
🍽️ Gode måltid
🛏️ Overnatting
🌿 Natur og ro rundt møta

Ta kontakt med oss for å planlegge neste samling på Nutheim.

Invitere vennegjengen på  fjelltur med overnatting, middag og boblebad i haust🍂Nutheim Gjestgiveri er den perfekte stade...
21/09/2026

Invitere vennegjengen på fjelltur med overnatting,
middag og boblebad i haust🍂

Nutheim Gjestgiveri er den perfekte staden for å unne seg noko ekstra i kvardagen. Her kan du nyte måltida, kose deg i stogene og sjå på kunsten, rusle ein tur i nærområdet og tilbringe tid saman.

Kan det friste med ein haustweekend hos oss?☺️🍂

Velkommen skal dere vere!

Hos oss på Nutheim kan du nyte fred og ro i vår lille spa-avdeling under låven🍂Der er det sauna og utandørs boblebad med...
19/09/2026

Hos oss på Nutheim kan du nyte fred og ro i vår lille spa-avdeling under låven🍂

Der er det sauna og utandørs boblebad med utsikt over hagen og Flatdal. Her er det og dusjar, kalddusj, toalett og minibar, håndkle og såpe frå elm. Alt du treng for å unne deg noko ekstra.

Ynskjer du å teste ut spa-avdelinga under ditt opphald i haust? Ta kontakt med oss så hjelp me deg!🍂

Samle kollegaene på Nutheim Gjestgiveri til leiar- og strategisamling i haust🍂Nutheim tilbyr dei rette rammene for kurs,...
17/09/2026

Samle kollegaene på Nutheim Gjestgiveri til leiar- og strategisamling i haust🍂

Nutheim tilbyr dei rette rammene for kurs, møte og konferansar – i eit roleg og inspirerande miljø✨
Ta kontakt med oss så hjelp me deg å sette saman eit opplegg for deg og din bedrift.

📅 Les meir og book her: https://www.nutheim.no/

Me er stolte av å få både kjøtt og mjølkeprodukt frå ein av våre lokale produsentar – som under årets Dyrsku’n vart heid...
16/09/2026

Me er stolte av å få både kjøtt og mjølkeprodukt frå ein av våre lokale produsentar – som under årets Dyrsku’n vart heidra med Den nasjonale kulturlandskapsprisen! 🏆

Ei velfortent anerkjenning av arbeidet med å ta vare på kulturlandskapet, tradisjonane og dei gode råvarene me er så heldige å få bruke på kjøkkenet vårt.

Gratulerer så mykje til bonde Gunleik og Rørtveit Gard ! 💚

10/09/2026

Legg di neste strategi- og leiarsamling til Nutheim Gjestgiveri.
Nutheim - ein heim heimafrå🧡

Sikre deg årets firmajolebord - Historisk atmosfære, lun stemning og nydeleg jolemeny✨Velkommen til magiske joleaugeblin...
08/09/2026

Sikre deg årets firmajolebord - Historisk atmosfære, lun stemning og nydeleg jolemeny✨

Velkommen til magiske joleaugeblink på Nutheim Gjestgiver✨

Planlegg du ein leiar- eller bedriftssamling i nærmaste framtid?📝 Omgjevnadar kan ha mykje å seie for kva eit team får u...
03/09/2026

Planlegg du ein leiar- eller bedriftssamling i nærmaste framtid?📝
Omgjevnadar kan ha mykje å seie for kva eit team får ut av ei samling, og Nutheim Gjestgiveri gjev den perfekte ramma for både faglig og sosialt påfyll🍂

Nutheim er godt egna for kurs, samlingar og workation grupper på 15-20 deltakarar. Dersom ein skal prestere best mogleg må ein også ha det best mogleg, noko vertskapet på Nutheim er kjende for🌸

Det kan også bli arrangera ulike aktivitetar som gjev ein boost til opphaldet. Dersom ein ønskjer eit avbrekk i det faglege er det blant anna mogleg å ta seg ein tur i det spennande turterrenget, delta på mini-kunst kurs eller rett og slett bare slappe av i spa-avdelinga🍂🎨🧖

Ta kontakt med oss så hjelper me deg med å skreddersy det perfekte opphaldet🧡

Når du er på Nutheim anbefalar me å ta den korte gåturen på Gygrestein frå gjestgiveriet til utsiktspunktet høgare opp i...
01/09/2026

Når du er på Nutheim anbefalar me å ta den korte gåturen på Gygrestein frå gjestgiveriet til utsiktspunktet høgare opp i bygda🍂

Ein fin liten tur med fantastisk utsikt som er verdt å få med seg når ein er her hos oss🧡

Adresse

Flatdalsvegen 1283
Seljord
3841

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Nutheim Gjestgiveri legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Nutheim Gjestgiveri:

Snarveier

Del