Kvar søndag er kaféen open med heimelaga kaker, vafler og kaffi, midt blant kunstverka til målaren Samuel Tveit. I tillegg til god servering kan me lokke med midlertidige kunst- og salsutstillingar i kjellaren av lokale målarar. Sjølve Tinghaug er verdt eit besøk berre for å oppleve å tre inn i ein kunstnarheim frå ei anna tid, med originale kunstverk av Samuel og Eigil Tveit på veggane, gamle møb
ler og blondegardiner. Plasseringa ved Rødstjødna gjer det idéelt å kombinere kafébesøket med ein tur rundt det vakre vatnet, badetur eller eit slag golf på Sauda Golfbane. Det er sitjeplassar i begge etasjar og på tunet, når vêret er til det. Kaféen er kun basert på frivilleg arbeidskraft, og går inn under Tinghaugs Venner. Alle inntekter går til utgifter i samband med kafédrifta, og til vedlikehald/oppussing av Tinghaug. Annas Kafé har vore ein suksesshistorie utan like, og sidan opninga i mai har gamle og unge fylt stova til Anna kvar søndag. På det meste har fleire hundre vore innom på ein dag! Me liker å overraske med å servere gode kaker i ein triveleg atmosfære til ein rimeleg pris. Alt me serverer er heimelaga! Me aksepterer Vipps og kontant betaling
-----------------------------------------
OM TINGHAUG
Tinghaug er ein historisk plass i Saudasjøen, der måleren Samuel Tveit budde i lag med den unge, danske kona si Anna, og sonen deira Eigil som sjølv vart målar. Eigil døydde i 2010 og etterlot huset til Sauda kommune. Han hadde levd heile livet åleine i Tinghaug utan å følgje utviklinga i verda utanfor. Dette etterlot kommunen eit museumsbygg. Interessegruppa kjøpte huset av kommunen, og fekk ved hjelp av frivillege donasjonar og engasjement pussa opp huset så det igjen gjer minna ære. I dag står Tinghaug som eit vel bevart hus frå 1940-talet, innreidd med møbler og inventar delvist frå huset og delvist frå private donasjonar. Måleria på veggane er stort sett laga av Samuel Tveit og Eigil Tveit.
-----------------------------------------
PRAKTISK INFORMASJON
Tinghaug har rampe til rullestolsbrukarar. Det er gode parkeringsmoglegheiter på parkeringsplassen ved golfbanen/Rødstjørna. Barnevenleg, både huset og området rundt. VEGINSTRUKSER I BIL
Du finn Tinghaug når du kjem frå sentrum og svinger opp til høgre på første veg etter saudasjøtunnellen. Her held du til venstre opp mot Amdal, og held fram på Amdalsvegen heilt til du kjem til ein grusveg til venstre med eit flott "Tinghaug"-skilt. Inn der, parker bilen, gå opp bakken og nyt plassen. Kjem du frå Saudasjøen inn mot Sauda er første del av beskrivinga omvendt;)