30/07/2026
GN si nyaste medlemsbedrift,men kanskje av dei eldste og med ei spennande historie. Bli gjerne med å høyr Ruben fortelle om hotellet si historie og den spennande reisa han har starta på.
Ruben Nesdal
Rubens reise - Historia om Gordon
Kva får ein 25 år gammal gut til å satse alt på eit hotell som har stått i over 130 år?
Det har eg fått spørsmål om mange gongar. Sanninga er at eg eigentleg ikkje hadde alle svara då eg byrja. Eg hadde berre ei kjensle av at Gordon fortente ei ny framtid.
No ønskjer eg å invitere deg med på reisa.
Eg tek deg med heilt tilbake til starten - til den dagen vi opna dørene og oppdaga kva som eigentleg gøymde seg bak veggane. Eg fortel om utfordringane vi møtte, kvifor ingen ville forsikre hotellet, og korleis prosjektet voks seg mykje større enn vi nokon gong hadde sett føre oss.
Men mest av alt handlar dette om menneska.
Om familien som stilte opp. Om alle som har bidrege med tid, tru og dugnadsånd. Og om kvifor eg, trass i alle hindringane, aldri klarte å gi opp draumen om Gordon.
Etter foredraget blir du med på ei omvising gjennom hotellet. Du får sjå restaureringsarbeidet slik det står i dag, høyre historiene bak romma og oppleve Gordon midt i den viktigaste delen av reisa.
Historia om Gordon er enno ikkje ferdigskriven.
Kanskje blir du ein del av henne.
Prisen inkluderer foredrag, kaffi og omvising.
Arrangementet er på Gordon Hotel
Finn billett: https://ebillett.no/trivselshagen