Lauget

Lauget Urban kafé og bakeri i hjartet av Sandane. Vi samarbeidar med lokale produsentar av både mat, drikke og kultur. Ser deg på Lauget!

Eigenprodusert og lokal mat og drikke, samt arrangement og kultur 💕

Opningstider i januar:
Man-tors: 07.45-17
Fredag: 07.45-18
Laurdag: 09.00-15.00 Lauget kaffi og kultur satsar på lokal (og gjerne økologisk) mat og drikke som framhever dei flotte ressursane vi har i nærområdet. På Lauget kan du nyte ein kopp varm cappuccino og få underhaldning med på kjøpet. Lauget har ei eiga scene, der der ung

e og lokale artistar får vise seg fram, og ein utstillingsvegg med kunst frå lokale kunstnarar. Vi har også eit bytebibliotek der du kan levere og byte bøker. Kjøp deg noko godt å ete og drikke, og slapp av i den hyggelege atmosfæra hjå oss.

Snart er vi klare for Sandanedagane 2026!Vi bakar og lagar mat og står på for å gjere klart for den travlaste og kjekkas...
10/08/2026

Snart er vi klare for Sandanedagane 2026!

Vi bakar og lagar mat og står på for å gjere klart for den travlaste og kjekkaste helga i året 💕
So kan de kome hit og nyte eit deilig måltid mellom slaga, og kanskje sleppe unna regnet ei lita stund.

Slik ser helga ut hjå oss:

🦑 Torsdag 13.08: Ope 07.45-17.00. Teater for ungdom og vaksne med The Squid’s Tale kl 16.00 (meir info i stories/på nettsida). GRATIS!

🥐 Fredag 14.08: Ope 07.45-20.00
🥐 Laurdag 15.08: Ope 09.00-18.00
🥐 Søndag 16.08: 13.00-17.00

🙅‍♀️ Mandag 17.08: STENGT! Vi må kome ajour etter helga 😅

☕️ Frå tysdag har vi vanlege opningstider.

Håpar vi ser deg på Lauget
- din hyggelege nabolagskafé 🛋️❤️

Gloppen, Norway Sandanedagane 2025

Hurra, no må vi feire! Dåkke kjekke kundane våre har sørga for tidenes beste månad på Lauget 💫Det betyr enormt mykje for...
31/07/2026

Hurra, no må vi feire! Dåkke kjekke kundane våre har sørga for tidenes beste månad på Lauget 💫

Det betyr enormt mykje for oss at de legg turen innom oss når de er på Sandane, enten du er lokal og kjem hit ofte, eller du er på forbifart og svingar innom for første gong.

På grunn av dåkke kan vi halde fram med å bake nydelege greier, servere deilig kaffi og lage god stemning kvar dag 💕

Hjarteleg takk frå Laugetgjengen 🫶🏻

Endeleg litt sol og varme i bygda vår ☀️💛Har vi ein eller to Lauget-vener som har lyst å gje oss ei hjelpande dugnadshan...
12/07/2026

Endeleg litt sol og varme i bygda vår ☀️💛

Har vi ein eller to Lauget-vener som har lyst å gje oss ei hjelpande dugnadshand i sommar? Spyle og vatne på uteområdet nokre gongar i veka i varme periodar? Vil bli betalt i kaffi og bolle 💕💖

Send ein DM om du har lyst å hjelpe 🥰
Del gjerne.

Nyheitar i disken! Focaccia med fyll på, oppdelte i perfekte lunsjstykker. Éin med cherrytomat, oliven og feta, éin med ...
25/06/2026

Nyheitar i disken! Focaccia med fyll på, oppdelte i perfekte lunsjstykker. Éin med cherrytomat, oliven og feta, éin med sopp, lauk og marinert kvitlauk. Nam!

14/06/2026
Huhei, her kjem ei lita oppdatering frå oss 🥐💕🌸Sommarsesongen er på veg til vår bygd, det merkar vi allereie godt! Vi ha...
08/06/2026

Huhei, her kjem ei lita oppdatering frå oss 🥐💕🌸

Sommarsesongen er på veg til vår bygd, det merkar vi allereie godt! Vi har hatt busslass med turistar, og glade russ og sommarklare vaksne og born innom dørene dei siste vekene. Det er so kjekt å merke korleis det gode (tidvis) veiret og sommarkjensla verkar inn på humøret til folk 😅💖 Og so gjev det oss ekstra mykje påfyll å få so gode tilbakemeldingar frå kundane om produkta våre og plassen vår ❤️ Takk!

Bak veggen, på bakeriet og kjøkenet vårt, ser det av og til ut slik som på bildet 😅 Elles er vi i full fart og har mat og bakverk på gang i kvar ei krå 💕

Vår kjære bakerisjef Annbjørg skal ha bebis på slutten av sommaren, so no er vi hine overlatt til oss sjølve vidare utover sesongen. Vi satsar på at det går bra 🙏🏻 💃

Vi skal prøve å få lagt ut litt på some likevel, når hendene er frie for deiger 🍞🥐🥨 Tagg oss gjerne i bilder på some, og gje oss gjerne fem stjerner (sant?) på Google Maps, det hjelper veldig 💕

Velkomen innom oss framover i sommar ☀️💕

Vi er snart klare for helg! 💕 Med noko godt å ete og drikke feirar vi helgestarten 🥐Denne helga er det mykje som skjer i...
29/05/2026

Vi er snart klare for helg! 💕 Med noko godt å ete og drikke feirar vi helgestarten 🥐

Denne helga er det mykje som skjer i vår vesle bygd!

I dag, fredag 29.mai kl 20 på Lauget, er det Vinyl med noko attåt med tema: Fly (billett 50,-). Vi har ope til 23 og vonar mange tek turen 🎶

Laurdag 30.mai er det Landsbylaurdag med masse kjekt som skjer rett utanfor døra vår, mellom anna den populære Planteloppisen til kl 12 🌱

Og ikkje gløym festivalen som er no i helga, med gratis kulturopplevingar for barn og unge 💚

Det er til og med meldt om relativt fint veir ☀️ Det ligg dermed an til ei nydeleg helg i vår vesle fjordlandsby 🏡💕

Lauget er ope:
Fredag 07.45-23.00
Laurdag 09.00-15.00

💃 F R E D A G 💃Det er fredag igjen, og vi feirar helgestarten med ekstra mykje godt i disken - Tacosuppe, toast og valnø...
08/05/2026

💃 F R E D A G 💃

Det er fredag igjen, og vi feirar helgestarten med ekstra mykje godt i disken - Tacosuppe, toast og valnøttbrød med avokado og egg, mellom anna 💕 Denne helga vert siste helg med valnøttbrødet, forresten.

I dag har vi kveldsope til kl 23, og som ein del av PUB-TIL-PUB på Sandane i kveld, er det vorspiel på Lauget frå kl 21 til 23 💃
Gratis inngang, men 18 års-grense.
Etterpå går turen vidare til der arrangementet held fram til stengetid.

Og so vert det også LES OG LAUG asosial leseklubb kl 16.30-18.00. Ope for alle medan dette pågår, og ope frå 18-21 før vorspielet tek til ☀️

Det er dermed duka for ein riktig fin fredag her på Lauget!Kjem du? 🥐📖💃

Og ja! Vi har nye service! Lækkert, kva? 💕

☕️ Lauget søkjer fleire gode folk med på laget ☕️Ynskjer du å utvikle deg innan leiing, sal og forretningsutvikling? Lau...
29/04/2026

☕️ Lauget søkjer fleire gode folk med på laget ☕️

Ynskjer du å utvikle deg innan leiing, sal og forretningsutvikling? Lauget er i kraftig vekst og har fleire spanande prosjekt på gang. Vi søkjer ein person som kan vere med å utvikle selskapet og kaféen vidare!

Vi ser etter deg som trivast med høgt tempo, er positiv, sjølvstendig og har lyst til å skape den gode Lauget-stemninga 💕

Du vil mellom ha dagleg ansvar i kaféen og assistere dagleg leiar i ulike oppgåver, samt spele ei aktiv rolle i utvikling av våre nye prosjekt.

🥐 Stillinga er 80-100%
☕️ Arbeidstid: dagtid/helg + fredagkveldar ved arrangement
🗣️ Språk: Eit skandinavisk språk + engelsk
🏡 Vi kan eventuelt hjelpe med å finne bustad

Erfaring frå butikk, service eller servering er ein fordel, men ikkje eit krav - opplæring vert gjeve.

📩 Send søknad med CV og referansar til: [email protected]
Søknadar vert vurderte forløpande - send gjerne so snart som råd!

Adresse

Grandavegen 28
Sandane
6823

Åpningstider

Mandag 07:45 - 17:00
Tirsdag 07:45 - 17:00
Onsdag 07:45 - 17:00
Torsdag 07:45 - 17:00
Fredag 07:45 - 18:00
Lørdag 09:00 - 15:00

Telefon

+4792340403

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lauget legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Lauget:

Snarveier

Del