20/05/2026
Å jobbe på gard og drive med attåtnæring slik me gjer, er veldig kjekt og givande😍! Men det krever sin arbeidskvinne og -mann for å drive slik me gjer. Det er ikkje berre bakeri, kafé og overnatting me driv med. Me har også 2 flokkar med kystgeiter, løpeender, høns og påfuglar, fleire felt med kjøkenhage og kjempestor hage som skal sjå vakker ut (held framleis på å utvide og plante til i alle krikar og krokar🌻)
Dyra krever ikkje frykteleg mykje, men dei skal ha mat og stell kvar dag, og det skal også alle bakkane me slår kvart år; der me haustar vinterfôr til dyrene og driv vedlikehold av kulturlandskapet, samt all gjerding og vedlikehald av Nofence.
Gardens 14 bygningar skal vedlikehaldast, der me "nett" har komt igong no (føles det som), vedlikehald av veg og parkeringsplass, reknskap, marknadsføring, reinhald, baking (MYKJE baking 😅), vedlikehald av heimeside og alt utstyret, bestille varar, hogge ved, luke, vatne og gjødsle, plante og hauste, bytte på senger og vaske ut, svare på meldingar i mange ulike kanalar og telefonar osv.
Lista over arbeidsoppgåver føles av og til uendeleg lang, men så er me så heldig at me får mykje hjelp av Sveinung sine foreldre og barna våre stiller opp innimellom alle sine fritidsaktiviteter og skulearbeid, så me får det til å gå rundt på eit vis.
Me lever småbruksdraumen 💚 Det er kjekt, det er givande, det krever godt arbeid og stor tru, og me ser at me gjer ein forskjell for folk og dyr. Sjølv om det er ein dråpe i havet så er det verdt kvar einaste time og kvar einaste dag me investerar i det me prøvar å få til; å gjere ein forskjell for verda me lever i no i dag og skape gode augneblink og fine opplevingar for dei som kjem på besøk til oss 🥰🙏
Igjen, me er så uendeleg takksam for alle dykk som kjem, som fortel til vennar og familie om oss. Me er takksam for dei av dykk som har trua på det me held på med og som heiar på oss og det store, vetle gards prosjektet vårt ❤️
Alt godt,
Familien i Aarvik med gode hjelparar