02/09/2026
🌙 POESIKVELD PÅ FELICIA 🎸📖
Søndag 13. september kl. 19 får vi besøk av Mona Lisa Høibø Golebiowska, som denne kvelden vil lese eit utval av dei unike dikta sine frå den komande debutboka «Kunstnarsjel i morgonljos».
Mona bur i Heddal og er mor til fem. Ho har skrive sidan tenåra og har alltid vore fascinert av naturen, historia og dei mange kjenslene og nyansane i livet. Dette kjem tydeleg fram i dikta hennar, der det nære, sårbare og poetiske får god plass.
Med seg denne kvelden har ho Wegard Golebiowski, ein av Notoddens beste gitaristar. Med stemningsfullt gitarspel vil han løfte fram dikta og skape eit musikalsk landskap rundt orda. 🎸✨
Det blir ein kveld der poesi og musikk møtest – og der ord, tonar og stemningar får fylle rommet.
📖 Denne kvelden kan du òg førehandsbestille debutboka hennar, «Kunstnarsjel i morgonljos».
📍 Café Felicia
📅 Søndag 13. september
🕖 Kl. 19.00
Ta med ein ven, finn deg ein god plass og bli med på ein annleis og stemningsfull sundagskveld hos oss. ❤️
Velkomen til Felicia! 🌙