Hå Gamle Prestegard

Hå Gamle Prestegard Hå gamle prestegard er ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg.

Denne helga, 14.–16. august, blir Obrestad fyr ein del av den internasjonale markeringa International Lighthouse & Light...
11/08/2026

Denne helga, 14.–16. august, blir Obrestad fyr ein del av den internasjonale markeringa International Lighthouse & Lightship Weekend.

Jærgruppen av NRRL (LA1J) kjem for å setje opp enkle antenner og halde radiokontakt med stasjonar over heile verda, døgnet rundt.

I år deltek 17 fyrstasjonar i Noreg, og om lag 500 fyr globalt, i denne store feiringa av kystkultur, navigasjonshistorie og radioamatørtradisjon.

Besøkande kan stikke innom og sjå korleis tale, Morse og digitale signal bind saman menneske på tvers av land og hav.
Les meir om aktiviteten: www.la1j.no/lh

Velkomen innom for ei helg der teknologi, kysthistorie og internasjonalt fellesskap møtest.

Bilde: Oddvar Johnsen

UTSTILLINGKim HankyulM(M)MInstallasjon6. juni - 6. septemberM(M)M tek utgangspunkt i migrasjonshistoria og arbeidsinnvan...
07/08/2026

UTSTILLING

Kim Hankyul
M(M)M
Installasjon
6. juni - 6. september

M(M)M tek utgangspunkt i migrasjonshistoria og arbeidsinnvandringa. Gjennom ei rekkje kinetiske skulpturar undersøker utstillinga korleis språkleg etterlikning og fysisk tilpassing fungerer som overlevingsstrategiar i migrasjon og arbeidsliv. Skulpturane utfører gjentakande rørsler som uttrykkjer spenning, balanse, utmatting og uthald. Samstundes ytrar de seg gjennom dei mekaniske lydane dei lagar. Tittelen viser til fleire moglege tydingar, mellom anna «machine-made men», «men-made machines» og «the misery of migrant men», samstundes som han fungerer som eit lyduttrykk for undertrykt tale. Utan forklarande omsetjingar inviterer verket publikum til å oppleve arbeid og framandgjering frå migranten sitt eige perspektiv.

Kim Hankyul (f. 1990, Busan, Sør-Korea) bur og arbeider i Oslo. Gjennom stemningsskapande lydlandskap og mekaniske rørsler undersøkjer han nasjonar og grenser, trussystem og mediefellesskap. Han har bachelorgrad i estetikk frå Seoul National University og mastergrad i kunst frå Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen. Arbeida til Hankyul har nyleg vore viste ved SOLO OSLO V på MUNCH (2026), Salón Acme i Mexico by (2024), Pal Project i Paris (2024), Kunstnerforbundet i Oslo (2024) og Entrée i Bergen (2023). Han er mottakar av Kistefos-prisen og stipend frå Sparebankstiftelsen DNB. Verka hans er representerte i Astrup Fearnley-samlinga og i private samlingar.

Foto: Erik Sæter Jørgensen / Hå gamle prestegard

OVERNATTING PÅ FYRETDet er meldt mykje bra ver framover, og ingenting er som Jæren i opphaldsver. I tillegg til at fyrmu...
09/07/2026

OVERNATTING PÅ FYRET

Det er meldt mykje bra ver framover, og ingenting er som Jæren i opphaldsver. I tillegg til at fyrmuseet er ope kvar dag utanom mandag, tilbyr vi overnatting i bygningane på Obrestad Fyr.

Vi har bustader med plass til inntil 6 personar, men vi kan og tilby bustader for berre ein til to personar.

Kva med ein romantisk getaway i storslått natur, med åpent hav heilt til Færøyane?
Kva med ein kortreist ferie bare for å kjenna på ro og fred og henta krefter til ein lang haust?

Bur du på fyret denne sommaren, får du gratis inngang til den flotte sommarutstillinga vår, og kan sova vegg i vegg med 22500 sommarfuglar som er utstilt inne i fyrmuseet☀️

Velkommen skal de vera, bestilling på:
[email protected]

UTSTILLINGLuca BertiJAREKLANGAnalogt fotografi6. juni - 6. septemberI fotoutstillinga Jareklang undersøker den dansk-ita...
07/07/2026

UTSTILLING

Luca Berti
JAREKLANG
Analogt fotografi
6. juni - 6. september

I fotoutstillinga Jareklang undersøker den dansk-italienske fotografen Luca Berti forholdet mellom menneske, landskap og historie på Jæren. Gjennom analoge fotografi skapte under kunstnaropphald i regionen, dokumenterer han eit kulturlandskap i endring, forma av jordbruk, fiske og generasjonar med tett samspel mellom natur og menneske. Med inspirasjon frå den nordiske fotodokumentariske tradisjonen skildrar Berti menneska og landskapet som ber spor av både kontinuitet og endring. Utstillinga inviterer publikum til ei nær og sansleg oppleving av fotografiet som både dokument og kunstnarleg uttrykk, og fungerer samstundes som eit visuelt portrett av dagens Jæren.

Prosjektet er eit samarbeid med Jærmuseet.

Luca Berti (f. 1978) er ein Italiensk fotograf frå Firenze, som bur og arbeider i København i Danmark. Han studerte fotografi i Milano frå 2000 til 2003, og har meir enn 25 års erfaring innan både kunstnarisk og kommersiell fotografi. Berti arbeider hovudsakleg med analogt svart-kvitt-fotografi og er særleg oppteken av forholdet mellom menneske, landskap og kulturarv. Sidan 2011 har han arbeidd med det langsiktige prosjektet Man and Nature, der han dokumenterer rurale samfunn og levemåtar i Norden og Baltikum. Arbeida hans har vore viste ved ei rekkje museum, kunsthallar og fotofestivalar, mellom anna Bucharest Photo Festival (RO), Dokfoto Keskus (EE), Haugesund billedgalleri, Valdresmusea, Ryfylkemuseet, Borgarsyssel Museum, Augustiana Kunsthal (DK), Pärnu Museum (EE) og fleire andre institusjonar i Norden og Baltikum.

Foto: Erik Sæter Jørgensen / Hå gamle prestegard

UTSTILLINGSolveig BergeneKAMBRIUMTeikning/akvarell6. juni - 6. september 2026I utstillinga Kambrium presenterer Solveig ...
01/07/2026

UTSTILLING

Solveig Bergene
KAMBRIUM
Teikning/akvarell
6. juni - 6. september 2026

I utstillinga Kambrium presenterer Solveig Bergene ei storslått og detaljrik biletverd der organiske former, geometri og fantasi smeltar saman. Inspirert av den kambriske perioden – ei fjern geologisk tid då alt liv fanst i havet – skaper ho verk som vekslar mellom det figurative og det abstrakte.

Med akvarell, gouache og fargeblyant byggjer Bergene opp monumentale komposisjonar på store format, der insekt, plantar og fossilliknande former flyt gjennom komplekse mønsterstrukturar. Utstillinga rommar både nye og tidlegare arbeid, mellom anna eit større verk skapt spesielt for Hå gamle prestegard, der lys og landskap tilfører verka ei nærast spirituell dimensjon.

Solveig Bergene (f. 1985) bur og arbeider i Oslo og er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen (Kunstakademiet – bachelor og master) og National College of Art and Design i Dublin. Ho har hatt fleire separatutstillingar, mellom anna ved Kunstbanken Hedmark Kunstsenter og Kunstgarasjen i Bergen. Ho har òg delteke på ei rekkje gruppeutstillingar, mellom anna Høstutstillingen og utstillingar ved Kunsthall Trondheim.

Foto: Erik Sæter Jørgensen / Hå gamle prestegard

Nå går vi inn i sommaren, og mange har planar om reise til Syden! Kanskje tek dei òg med seg noko heim.For rundt 1300 år...
26/06/2026

Nå går vi inn i sommaren, og mange har planar om reise til Syden!
Kanskje tek dei òg med seg noko heim.

For rundt 1300 år sidan fann langt meir spennande suvenirar enn kjøleskapsmagnetar veien til Hå. I den stjerneforma grava på strandgravfeltet ved prestegarden fann arkeologane heile 120 glasperler – mellom dei fargestrålande mosaikkperler som truleg har reist heilt frå området rundt Svartehavet eller Syria.

Det viser at folk i folkevandringstida ikkje berre reiste langt – dei tok òg med seg minner heim. Nokre suvenirar varer tydelegvis litt lenger enn andre

Foto: Arkeologisk museum, Stavanger og Hå gamle prestegard

MØT GARTNERENDe siste fire årene har Daniella Bøe vært drivkraften bak den stadig mer frodige hagen ved Hå gamle presteg...
24/06/2026

MØT GARTNEREN

De siste fire årene har Daniella Bøe vært drivkraften bak den stadig mer frodige hagen ved Hå gamle prestegård. Med planter hentet hjemmefra, gamle nyttevekster og en god dose prøving og feiling har hun satt sitt preg på den historiske prestegardshagen.

Det var mange som dukket opp sist lørdag da Bøe holdt omvisning i hagen, her fikk man både lære om forskjellige nyttevekster, smake sirup laget fra plantene, og man kunne få med seg en bunt rabarbra grodd rett her på prestegarden.

Fikk du ikke med deg omvisningen? da får du en ny sjanse 5. august kl.13 da vi igjen ønsker velkommen til Møt gartnaren på Hå gamle prestegard.

Daniella Bøe har forvandlet hagen ved Hå gamle prestegård💮

Adresse

Håvegen 347
Nærbø
4365

Åpningstider

Tirsdag 11:00 - 17:00
Onsdag 11:00 - 17:00
Torsdag 11:00 - 17:00
Fredag 11:00 - 17:00
Lørdag 12:00 - 17:00
Søndag 12:00 - 17:00

Telefon

+4751791660

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hå Gamle Prestegard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hå Gamle Prestegard:

Snarveier

Del

Type