Drøsen kaffibar og kaffibrenneri

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Drøsen kaffibar og kaffibrenneri Opningstider: Måndag og tysdag 11-16, onsdsg og torsdag 11-21, fredag 11-18, laurdag 11-16 og sundag 13-17. Velkommen! 💫 Kaffien vår brenn me sjølv i kaffibaren.

Å drikka ein kopp med ekstra god kaffi kan verta ein liten pause i kvardagen, ei stund der me kan sitja ned og kjenna at den gode smaken breier seg og gjer godt i heile kroppen. Drøsen kaffibar finst fordi me trur at ein god drøs; fellesskap mellom menneske er grunnleggjande og viktig. Drøsekaffi vert brunnen av ivrige kaffientusiastar i vårt mikrobrenneri på Nærbø. Mange år med lidenskap for god kaffi har lært oss om kva som gjer at ein kaffi smakar godt, medan annan kaffi smakar heilt fantastisk. Kva som er forskjellen på konsumentkaffi og spesialkaffi. Me har fått augo og smakslaukane opp for forskjellane på kaffi frå forskjellige regionar i kaffiproduserande land. Me har lært om kaffi-industrien og korleis me kan handla kaffi på ein måte som gjer at kaffiplukkarar får den løna dei fortener. Me har smakt og utforska kaffibønner som er plukka, vaska, tørka og behandla på forskjellige måtar hos produsent, som er brunnen på forskjellige måtar i brenneria, kverna på forskjellige måtar og tilslutt brygga på forskjellige måtar før dei kjem i koppen. Me gler oss over å få dela dette med kundane våre!

Velkommen innom på Haustmarknad ved Hå gamle prestegard i dag kl 12-16🙌🏼Tone og Lucas står klar med kaffi både i pose og...
27/09/2026

Velkommen innom på Haustmarknad ved Hå gamle prestegard i dag kl 12-16🙌🏼Tone og Lucas står klar med kaffi både i pose og kopp🤎

Møt oss på haustmarknad ved Hå gamle prestegard sundag frå kl 12✌🏻
24/09/2026

Møt oss på haustmarknad ved Hå gamle prestegard sundag frå kl 12✌🏻

God laurdag🙌🏼I dag er Amalie og Sumeya bak disken - klar for å laga nydeleg kaffi til deg. Velkommen innom🤎
12/09/2026

God laurdag🙌🏼
I dag er Amalie og Sumeya bak disken - klar for å laga nydeleg kaffi til deg.
Velkommen innom🤎

Sei hei til Thea Elise, vår nye barista🥰Ho er frå Halden, men bur nå i Stavanger og er miljøarbeidar ved Solborg folkehø...
10/09/2026

Sei hei til Thea Elise, vår nye barista🥰
Ho er frå Halden, men bur nå i Stavanger og er miljøarbeidar ved Solborg folkehøgskule.
- Det er mykje nytt, men veldig gøy, seier ho.
Ta godt imot ho🙌🏼

Heilt ny og heilt nydeleg kaffi frå Etiopia, Banko Gotiti🫶🏼Sjekk ut!
29/08/2026

Heilt ny og heilt nydeleg kaffi frå Etiopia, Banko Gotiti🫶🏼Sjekk ut!

🌟Koffeinfri kaffi🌟Prøv den nydelege, koffeinfrie kaffien vår frå Colombia- til introduksjonspris 149kr✌🏻
19/08/2026

🌟Koffeinfri kaffi🌟
Prøv den nydelege, koffeinfrie kaffien vår frå Colombia- til introduksjonspris 149kr✌🏻

August er her, og me er tilbake med ordinære opningstider. Kveldsope til kl 21 onsdag og torsdag✌🏻Og du, me har fått nyd...
05/08/2026

August er her, og me er tilbake med ordinære opningstider. Kveldsope til kl 21 onsdag og torsdag✌🏻
Og du, me har fått nydeleg økologisk brus frå Grimstad brusfabrikk. Appelsin og sitron & ingefær. Knallgodt! 🍋🍊

14/07/2026
Nytt på sommarmenyen: Is matcha latte💚Grønt og skjønt, og stappfull av antioksidanter. Prøv gjerne med vaniljesirup. Og ...
01/07/2026

Nytt på sommarmenyen: Is matcha latte💚
Grønt og skjønt, og stappfull av antioksidanter. Prøv gjerne med vaniljesirup.
Og hugs i juli har me ope måndag-laurdag 11-16, og sundag 13-17. Velkommen innom!

Velkommen til oss i sommar!💗I juli har me ope måndag - laurdag 11-16, og sundag 13-17. Kom innom for ein pust i bakken, ...
28/06/2026

Velkommen til oss i sommar!💗I juli har me ope måndag - laurdag 11-16, og sundag 13-17. Kom innom for ein pust i bakken, eller ta med deg noko godt ut i sola.

Adresse

Jadarvegen 3 B
Nærbø
4365

Åpningstider

Mandag 10:00 - 16:00
Tirsdag 11:00 - 16:00
Onsdag 11:00 - 21:00
Torsdag 11:00 - 21:00
Fredag 11:00 - 18:00
Lørdag 11:00 - 16:00
Søndag 13:00 - 17:00

Telefon

+4792958670

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Drøsen kaffibar og kaffibrenneri legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Drøsen kaffibar og kaffibrenneri:

Snarveier

Del

Kategori