Knutholmen

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Knutholmen Knutholmen vil ønske deg velkommen til vår Facebookside! Her kan du følgje med på nyheiter og ulike arrangement

Sjå meir på vår heimeside:
www.knutholmen.no
(399)

Kalvåg i seg sjølv er eit stort levande hotell! Likar du god atmosfære, god mat og ramsalt kystkultur? Då er Knutholmen og fiskeværet Kalvåg ein stad du vil trivast. I gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, restauranten med dansegolv, hotellromma og kurslokala. Vi har mat frå havet som vår spesialitet. Ferske råvarer er viktig for eit godt resultat, vi ligg så og seie midt i spiskammerset med fiskefelta berre eit steinkast utanfor. Ta med deg familie, gode venner, kollegaer eller kundar til fiske og opplevingsparadiset Kalvåg. Velkomnen til Knutholmen og Kalvåg. Helsing Familien Fosse og dei tilsette på Knutholmen i Kalvåg.

No kan du kombinere årets lutefiskaftan på Knutholmen med ei natt i dei Moderne Sjøhusa våre for berre 999,- per rom! 🤩 ...
21/10/2026

No kan du kombinere årets lutefiskaftan på Knutholmen med ei natt i dei Moderne Sjøhusa våre for berre 999,- per rom! 🤩
Ei betre avslutning på ein lutefiskaftan finst knapt.

Tilbudet gjeld våre Standardrom i Moderne Sjøhus. Avgrensa tal rom, så her gjeld det å vere rask!😁
Bestill ditt opphald på heimesida eller til [email protected]

Hjertelig velkommen!🫶

Laurdag 7. november inviterer vi til lutefiskaften på Knutholmen. Lutefisk av beste kvalitet, laga på skrei, servert kla...
19/10/2026

Laurdag 7. november inviterer vi til lutefiskaften på Knutholmen. Lutefisk av beste kvalitet, laga på skrei, servert klassisk ved bordet, akkurat slik det skal vere. Påfyll får du etter eige ynskje, og kvelden blir runda av med dessertbuffet og kaffi. ✨

Plassane minkar, så ver tidleg ute om du vil sikre deg bord!
Hjertelig velkommen til oss! 🫶

Kr 765,- per person.
Bestill på [email protected] eller 57 79 69 00.

I dag har denne karen bursdag! 🎉Gratulerer med dagen, pappa!Kari Tinnen skriver så fint om deg i Knutholmen-boka:«Det sp...
06/10/2026

I dag har denne karen bursdag! 🎉
Gratulerer med dagen, pappa!

Kari Tinnen skriver så fint om deg i Knutholmen-boka:

«Det spesielle med Knutholmen er, mellom anna, Svein Inge.
Alle som har møtt Svein Inge veit at han har snakketøyet i orden. At kunnskap og underhaldning blir blanda i like store doser. At han strekk seg langt for å yte service.»

Det kunne ikke vært sagt bedre. Takk for alt du har bygd opp, og for at du alltid finner en løsning. Håper du får en fin dag! ❤️

Nokre gonger skal ein unne seg det aller beste, saman med nokon ein er glad i. 🩷Her får de eit av dei aller finaste romm...
04/10/2026

Nokre gonger skal ein unne seg det aller beste, saman med nokon ein er glad i. 🩷
Her får de eit av dei aller finaste romma våre, med frukt og ch*****ne på rommet, fireretters middag og den flytande saunaen heilt for dykk sjølve i eit par timar.
Ta ein titt på pakken vår, Kystens perle ✨

Bremanger byr på nokre av dei mest spektakulære turmoglegheitene på Vestlandet. Klatre Hornelen sin Via Ferrata og kjenn...
30/09/2026

Bremanger byr på nokre av dei mest spektakulære turmoglegheitene på Vestlandet. Klatre Hornelen sin Via Ferrata og kjenn adrenalinet 250 meter over havet. Gå til stormhytta Dosabu, høgt over dønningane med utsikt over heile Nordsjøen. Eller ta turen til Vetvika, ein av dei turane folk sjeldan angrar på å ha gått.

Etter ein dag i fjellet ventar det beste: eit godt måltid med råvarer rett frå havet utanfor, ein tur i saunaen for å lette på stive musklar, og ei god natts søvn i eit av våre historiske sjøhus. ✨

DNT-medlemmer får 10 % rabatt ved booking på våre nettsider – hugs å vise fram gyldig medlemskap ved innsjekk.

Velkommen 🫶

Ta ei velfortent pause før julehøgtida, og samle familie, vener eller kollegaer til ei stemningsfull helg ved havet.Laur...
27/09/2026

Ta ei velfortent pause før julehøgtida, og samle familie, vener eller kollegaer til ei stemningsfull helg ved havet.

Laurdag kveld dekkar vi opp til klassisk julebord med rikhaldig buffét – pinnekjøt, heimelaga pålegg og søte julekaker som set den rette stemninga. For dei som blir heile helga, byr vi på ein smakfull 3-rettars meny fredag kveld også.

Overnatting i våre koselege sjøhus gjer opplevinga komplett, med gode frukostar og ro i vakre omgjevnader.

📅 20.–22. november eller 27.–29. november

Velkommen til oss🩷

Årets siste Havets Festbord 🦀🦞Sesongen går mot slutten, og laurdag dekkar vi opp til årets siste Havets Festbord. Hjerte...
23/09/2026

Årets siste Havets Festbord 🦀🦞

Sesongen går mot slutten, og laurdag dekkar vi opp til årets siste Havets Festbord.
Hjertelig velkommen lørdag 26. september kl 19.00
sikre deg bord no – dette pleier å bli fullt! 🔥

Når sommaren stilnar og lyset blir gyllent over Frøysjøen, opnar Knutholmen dørene for vener og kollegaer som treng ein ...
21/09/2026

Når sommaren stilnar og lyset blir gyllent over Frøysjøen, opnar Knutholmen dørene for vener og kollegaer som treng ein pause frå kvardagen. 🍂

Nyt sjømat i restauranten, med råvarer henta rett frå havet utanfor. Ta turen ut på fjorden, kjenn saltvasslukta, og avslutt dagen rundt bordet med gode samtalar og ei god natts søvn i eit av våre komfortable hotellrom.

Anten det er ei venninnehelg, ein guttetur, eller ei firmasamling som treng noko meir enn eit møterom. Knutholmen gir dykk rom for fellesskap. Ekte opplevingar. Ro. Og litt luksus i historiske omgivnadar. ✨

Lutefiskkveld på Knutholmen – 7. november 🤩Det er den tida på året igjen! Vi opnar dørene til ein tradisjonsrik kveld me...
19/09/2026

Lutefiskkveld på Knutholmen – 7. november 🤩

Det er den tida på året igjen! Vi opnar dørene til ein tradisjonsrik kveld med lutefisk av beste kvalitet, laga på skrei.

🐟 Klassisk servering ved bordet, med påfyll etter eige ynskje
🍮 Dessertbuffet og kaffe
God stemning i historiske omgjevnadar på Knutholmen

Bestilling:
📧 [email protected]
📞 57 79 69 00

Hjarteleg velkommen til ein koseleg vinterkveld hos oss! 🤩

Adresse

Holmen 17
Kalvåg
6729

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Knutholmen legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Knutholmen:

Snarveier

Del