12/08/2026
"3 years ago I was here and ate the best cod in Norway. Now I am back with another group" Dette sa Ionescu Florin fra romania-tours travel, da han besøkte Cafe Gobeten på søndag. Og sjølvsagt skulle alle ha torskemiddagen vår. Tommel opp og berre lovord fra heile gruppa. Han kjem tilbake neste år.
Vi har mange gjester fra både inn- og utland som kjem igjen år etter år for å nyte torskeryggen vår. I tillegg anbefaler dei andre å besøke oss, viss dei reiser forbi Innvik.
Sjølvsagt er det gøy at den vesle kafeen vår har ein middagsrett som vekker så stor åtgaum. Den pannesteikte torskeryggen er då også vår desidert bestselger, saman med heimelaga hjortekaker.
Om ikkje Vestland Fylkeskommune stenger vegen over Utvikfjellet med det første, vil vi fortsatt ha ope nokre veker til. Så til alle gamle og nye kundar, stikk innom oss og smak sjølv.