Fjellgarden Hovden ligg yvst i Setesdal, på vegen til Breive på Hovden. Det er eit tradisjonelt lafta Setesdalstun med historie i veggene. Bak dei robuste tømmerveggene finn du årestoge med god stemning rundt den opne elden i grua, og ei nystove med peis og "skåp og kvile". I ein rustikk atmosfære er det enkelt å skapa hyggjelege samlingar her, - anten det er afterski, møte, styremøte, selskap eller uformell sosial samling. Verksemda er ein del av gardsbruket Der sø. AS Sætersdalen eit meir enn 100 år gammalt selskap, som eig anlegget. På garden er det bustadhus, stabbur, eldhus, røykestoge, brukseigarhytte og driftsbygning fór om lag 100 vinterfora sauer. Historia om Gamle Gaard som er ifrå 1700-talet:
Ved Fjellgarden Hovden (Hovden der sø) ligg der eit loft og det vakre gamle Setesdalshusi Gamle Gaard som består av eit stabbur og 2-etasjes hovudhus. I 1. etasje av hovudhusi er det årestoge og nystoge med peis og "skåp og kvile". Garden er frå 1700-talet og stod opphavleg på Uppstad i Hylestad i Setesdal. Den vart kaupt og flytta til Hovden Skisenter og fungerte dei første driftsårene der som varmestove, kiosk, skiutleige og billettkontor. I 2010 vart garden flytta til Fjellgarden Hovden, og restaurert i all si prakt.
Årestoga er eit stort rom som har open eldstad i midten. Rundt bålet kan gjester sitja på sitjebenker med skinnfellar. Her er det perfekt å ta med deg venner på ein stemningsfull kveld, både i solskin og ruskevêr. Nystoga med peis fungerer i dag som «matstove", men det var også her gardsfolket tok seg ein kvil, derav namnet "skåp og kvile» på den karakteristiske innreiinga. Gjestene våre må gjerne ta seg ein strekk her, det kan vera på sin plass etter ein god dag ute, og noko godt i magen! I matstova kan det dekkjast til 30 personar på langbord.
2021-2023
Kari og Tobias Nomeland-Strømsøe har drive med skiutleige, raclette, skikafé og kaffibar. Dufter av god, sveitsisk racletteost har dominert. Racletteost, også kalla «skrapeost» i Noreg, gir den gode alpekjensla som passa perfekt inn i det tradisjonsrike bygget. Osten vart servert med godt tilbehøyr, så kortreist og lokalt som det er mogleg å få det! Gode smakar frå gode, norske råvarer skal dominera på Gamle Gaard.
2014-2015
Thor Thorstensen stod for drift og servering på Den Gamle Gaard.
2011 og fram til i dag
Rolf Arne Haugen og Merethe Hjemdahl har vore vertskap og driftare innan fjell-landbruk og gardsturisme. Der vart bygd nytt produksjonsbygg for slakting av vilt og eigen produksjon / foredling, handverksprodukt av kjøtt frå dette gode fjellandbruksområdet. Dei har hatt eiget slakteri og ca 140 vinterfora sauer. Dei har dreve med tradisjonell gardsdrift og i tillegg med kjøttproduksjon av fjellkost (salta, røyka fenalår, skinkepålegg, spekemat, spekepylse og røykt eller ferskt pinnekjøt), gardsbutikk, ulike arrangement, hestar og overnatting. Pølsemakar og slaktarslekt. Godt handverk og gode råvarer gir deg smaken av fjella i Setesdal
Velkommen til ei stemningsfull oppleving! https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Der_s%C3%B8_(Bykle_gnr_2/2)