01/01/2025
Godt nyttår🎉 «Det snør, det snør himmelens korekturlakk» Eit nytt år med blanke ark, og for meg eit heilt nytt kapittel i livet.
I går var siste dagen vi hadde ope. For ein dag, den starta litt kaotisk😀 heile kafeen var stappfull av den faste gjengen før vi eigentleg hadde opna døra. 🏃🏻♀️➡️🏃🏻♀️➡️🏃🏻♀️➡️Så trivelig med karatn og damene som ville ta avskil med Arti. Takk for att de kom. 🥰
Så roa det seg litt, før det igjen gjekk slag i slag med folk som ville innom på eit siste besøk, det var godord, blomar og lukkeynskjer! 💐🥰 Takk 🙏
Men det var også nokon som sto som store spørsmålsteikn og som ikkje hadde fått med seg att eg avviklar.
For snart ti år sidan skreiv eg under kontrakt, det har vore ti år med lite fri, lange dagar og mykje slit. Men også ti år med gode erfaringar og mykje moro. Nye berikande bekjentskaper som vil fylgje med vidare. Fantastisk flinke og herlige medarbeidarar. Takk til Lene, Marthine og Charlotte , Thea, Siv og Anette , Ea, Anne og sist men ikkje minst Ingunn som kom som ei redning då eg var i ferd med å gje opp❤️Takk til all den kjempeflinke ungdommen som har jobba helg og feirar. Så mykje fin ungdom, tør ikkje nevne navn i frykt for å gløyme nokon. ❤️TAKK❤️
Eg kom aldri i mål med alle tankar og idear eg hadde for kafeen, eg skulle ha temakvelder, fleire små konsertar , «toast, te og trubadur» utekino med meir.
Gir meg likevel eit klapp på skuldra for att eg har klart å skape samlingstad for lokale, for hyttefolk og andre turistar. For drop in og «heimekontor» .
Utrulig mange som har kome til meg og sagt att lokalet har god atmosfæren og stemning. Det gjer meg glad.
Litt stolt av att eg også har skapt ei«merkevare» med horn og bollar. Litt artig er det å tenkje på att pappa starta det fyrste bakeriet i Hemsedal, og han var også kjent for dei gode skulebrøda. «det var ingen som hadde slike skulebrød som far din» har eg fått høyre mang ei gong.
Ingunn startar på Hemsedal Flatbrødbakeri på Tuv, eg anbefalar alle å ta seg ein tur dit ☕️🍞🥖
No blir lokala til Arti ståande tomme nokre veker før nye drivarar startar opp i februar ei gong.
TAKK FOR MEG!