28/05/2026
Da kan vi endelig informere om vår nye lille ferieparadis, som blir ett tilskudd til hva vi allerede har på vår nydelige Vågen! ☀️
Kjære alle saman 💙
No er det vår tur til å ta over flotte Sjøbua – og vi kjenner først og fremst på stor takknemlighet. Vi overtar etter nokre utruleg hyggelige og flinke folk som har skapt ein plass mange er glade i, og det set vi stor pris på å få bygge vidare på.
Mange kjenner oss frå Dilémen restaurant på Vågen, men på Sjøbua blir det ikkje heilt same konsept. Her ønskjer vi å skape ein lun og folkeleg møteplass med sommarstemning, gode pausar i kvardagen og noko for både fastbuande og feriefolk ☀️
På Sjøbua blir det mellom anna:
🍦 Is og herlige godbitar
🥗 Lunsjservering
🍽️ Buffet
🎶 Arrangement og hyggelige kveldar
🌿 Ei avslappa og landleg ferieperle ved sjøen
Vi gler oss verkeleg til å sette i gang og utvikle plassen vidare til det vi ser føre oss at den kan bli. Samtidig vil vi ta vare på sjela og den gode stemninga som allereie finst her.
Sidan det vart litt kort tid fram mot sesongen i år, blir årets fokus å halde ope gjennom sommaren og komme godt i gang. Frå neste sesong håpar vi å kunne tilby det komplette konseptet vi drøymer om 💫
Vi håpar de vil ta turen innom, slå av ein prat, nyte ein is i sola eller berre finne litt ro frå kvardagen saman med oss.
Vi gler oss til denne reisa vidare – og til å møte dykk alle på Sjøbua ❤️
- Ammar, Lilliann & Amalie