Haugen Gardsmat

Haugen Gardsmat Gardsmat laga med kjærleik i Flåm 🚜 Få ein smak av den spektakulære naturen vår gjennom heimelaga mat tufta på tradisjon, kvalitet og samspel med naturen.

Me har tru på framtida i marknaden som produsent av kvalitativt gode produkt der tradisjon og nytenking får spela saman til nye spanande rettar.

Me vil skryta litt over dei flotte restaurantane og hotella i heimbygda vår. I heile kommunen er folk flinke til å bruka...
08/09/2026

Me vil skryta litt over dei flotte restaurantane og hotella i heimbygda vår. I heile kommunen er folk flinke til å bruka lokale produkt. Me bur midt i Norges beste matfat. Det er tett mellom kjende matprodusentar i kommunen vår. Då er det flott for gjestene at dei kan smaka kulturarven vår. Den er minst like viktig som fjordar, fjell og turistattraksjonar.

Me set stor pris på alle sambygdingar som verdset gardsmaten og mattradisjonar frå bygda vår. Takk!

Med kjærleik frå alle oss i Haugen...
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

Me deler frå gode Harald Aga:"Mens Kristine og Odd høstet vel fortjent heder og ære i Bergen, kjørte vi pulled lammebog ...
07/09/2026

Me deler frå gode Harald Aga:

"Mens Kristine og Odd høstet vel fortjent heder og ære i Bergen, kjørte vi pulled lammebog fra à la . Evighet på grillen gav fantastisk mørt og smaksrikt kjøtt."

Takk for slike tilbakemeldingar 🥰

Med kjærleik frå Sogn...
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

Takk, og gratulera til alle saman ❤️🥰 Med kjærleik frå Odd og Kristine
07/09/2026

Takk, og gratulera til alle saman ❤️🥰
Med kjærleik frå Odd og Kristine

Fårikål er nasjonalretten vår, og den er veldig god. Me gler oss alltid til hausten legg seg rundt husa på tunet, det kn...
07/09/2026

Fårikål er nasjonalretten vår, og den er veldig god. Me gler oss alltid til hausten legg seg rundt husa på tunet, det knitrar i peisen og fårikålen skal på bordet.

Me lagar den sjølvsagt av høgfjellslam frå Sogn. Då kjenner me smaken av rause fjellbeite i fjella høgt over Haugen.

Odd tek oppskrifta vår på rams:

" Fårikål kan adle laga. Du berre brunar kjøtet, kokar opp vatnet og let kjøtet trekka ein times tid.

Denne timen brukar me alltid på å dekka eit fint bord. I mørke kveldar treng me ljos, ljos og meire ljos.

Tilbake i grytene er det viktig at du tek vare på krafta. Deretter legg kål og kjøt lagvis, med heil pepar og hell over att krafta.
Fårikålen er ferdig når kålen er klar."

Har de ete fårikål allereie? Fortell oss om dykkar eigne tradisjonar i kommentarfeltet under her.

Med kjærleik for hausten...
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

Dei siste åra har me hatt enorm etterspørsel etter vill-hjort!Frå ærverdige Hotel Continental i hovudstaden til Brasseri...
07/09/2026

Dei siste åra har me hatt enorm etterspørsel etter vill-hjort!

Frå ærverdige Hotel Continental i hovudstaden til Brasserie Chérie i Bergen ville flinke kokkar ha landets beste hjort. Mange fleire hotell, restaurantar, marked og delikatessebutikkar kjøpte òg mykje vill-hjort. Det er veldig kjekt!

No gler me oss over sesong og håpar den vert minst like bra. Me gler oss til gode samtalar med flinke fagfolk i tida framover. Alltid kjekt med sal av gardsmat!

Med kjærleik for tradisjonsrike smakar...
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

Veit du kvifor høgfjellslam frå Sogn smakar så godt?Dei har eit av verdas beste beite. Dei lever gode liv på bøane nede ...
06/09/2026

Veit du kvifor høgfjellslam frå Sogn smakar så godt?

Dei har eit av verdas beste beite. Dei lever gode liv på bøane nede i bygda først, deretter vert dei sende opp i høgfjellet. Her set smaken av fjellet seg i kjøtet.
Om hausten vert dei sende rett til slakt når dei kjem ned att til Haugen. Etter det er det rett ut til Bondens Marked, delikatessebutikkar og bevisste restaurantar.

Du kjenner smaken av bygda, fjellheimen og elva når du et lam frå Haugen Gardsmat. Nyt maten!

Med kjærleik for lange tradisjonar...
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

Medan me er på festival vert høgfjellslam frå Sogn henta heim til bygda. Dei kjem frå rause fjellbeite høgt over fjorden...
05/09/2026

Medan me er på festival vert høgfjellslam frå Sogn henta heim til bygda. Dei kjem frå rause fjellbeite høgt over fjorden. Du kjenner det på smaken! ❤️

Foto har me fått av gode

Med kjærleik for lange tradisjonar i Sogn...
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

05/09/2026

Da besta frao Sogn pao ei gong 🥰

Med kjærleik frå Odd og Kristine

Norges beste vill-hjort på bordet i kveld? Eller høgfjellslam frå Sogn til søndagsmiddagen? 🥰Du finn oss på Bergen Matfe...
05/09/2026

Norges beste vill-hjort på bordet i kveld? Eller høgfjellslam frå Sogn til søndagsmiddagen? 🥰

Du finn oss på Bergen Matfestival utover dagen. Me har med oss masse godsaker frå garden vår i Flåm. Følg traktorspora inn på Festplassen 🚜

Med kjærleik for tradisjonsrike smakar...
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

Følg traktorspora inn på Festplassen i Bergen 🚜Røska Storfé Burger er ein favoritt i byn òg 🔥Foto har me fått av gode  T...
05/09/2026

Følg traktorspora inn på Festplassen i Bergen 🚜
Røska Storfé Burger er ein favoritt i byn òg 🔥

Foto har me fått av gode
Tusen takk for trivelig besøk ❤️

Med kjærleik frå Sogn...
Odd og Kristine
Haugen Gardsmat

Adresse

Haugen Gard
Flåm
5743

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Haugen Gardsmat legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Haugen Gardsmat:

Snarveier

Del