Røyst mat & vin

Røyst mat & vin Røyst mat & vin skal vere den beste staden for gode mat og vin-opplevelsar i sunnfjord.

02/07/2026

Vi gler oss til Natt på teateret!
I kveld frå kl 23.00-01.30 - velkomen!

Snart tek Røyst-familien sommarferie!Laurdag 4 juli er siste opningsdag, vi opnar igjen tysdag 4 august kl 16.00. Før vi...
02/07/2026

Snart tek Røyst-familien sommarferie!

Laurdag 4 juli er siste opningsdag, vi opnar igjen tysdag 4 august kl 16.00.

Før vi tek ferie er det mykje kjekt som skjer på Nynorskhuset. Det blir festivalstemning, god mat, god drikke,
og herleg liv!

Vi gler oss til å sjå dykk dei siste dagane, og ønskjer alle ein fantastisk sommar.

Røyst-familien 🍴🧡🥂☀️

Dropp stress på 17. mai i år og 🇳🇴Vi ordnar frukosten for deg!Kom til ferdig dekka bord og få servert ein skikkeleg god ...
24/04/2026

Dropp stress på 17. mai i år og 🇳🇴
Vi ordnar frukosten for deg!

Kom til ferdig dekka bord og få servert ein skikkeleg god frukost - rett til bordet. Ta med familie eller vennar,
og nyt ein roleg og smakfull start på dagen.

Dette vart fullt i fjor - så her lønner det seg å være tidleg ute 😉

Vaksne kr 395,- per/person
Barn opp til 12 år kr 245,- per/person

🕘 09.00
📩 [email protected]
📞 57 72 77 77

15/04/2026

Nyt vakker vårkonsert med kvinnekoret Kvitre førstkommande laurdag kl 19.00 – kombiner gjerne opplevinga med middag hos oss, før eller etter konserten.

Vi gler oss til å sjå deg, hjarteleg velkomen! 🌱🌸

Gode gjestar! Vi tek snart påskeferie og held opent tysdag og onsdag frå kl 11.00-20.00, middag serverast frå kl 16.00. ...
31/03/2026

Gode gjestar!
Vi tek snart påskeferie og held opent
tysdag og onsdag frå kl 11.00-20.00, middag serverast frå kl 16.00.
Vi held stengt frå skjærtorsdag 2.april og opnar igjen tysdag 7. april kl 16.00
Vi ønskjer alle ei riktig god påske 🧡🐣

Velkomen til lunsjkonsert i dag kl 12.00 🎶
25/03/2026

Velkomen til lunsjkonsert i dag kl 12.00 🎶

Ein tur nordover – i alle lydlandskap

Tre framifrå musikarar tek deg med på ei reise gjennom nordnorsk musikk i alle sjangrar: klassisk, jazz, joik, folkemusikk og både planlagt og heilt fri improvisasjon.

Sjølv om uttrykka skiftar, er tråden tydeleg: Alt du får høyre har røter i Nord‑Noreg – kraftfullt, vemodig, leikande og fullt av identitet.

Kristin Vik Hofseth – trompet
Britt Pernille Frøholm – fele
Noemi Utasi – piano

Opplev konserten når det passar deg:

Onsdag 25. mars kl. 12 – Lunsjkonsert på Røyst
Ei gratis, uformell smakebit av konserten.

Torsdag 26. mars kl. 19 – Lyarscena
Full konsert i Nordsalen, Sunnfjord kulturskule.
Billettar: https://fordehuset.no/lyarscena-ein-tur-nordover-q3wbr6/

Fredag 27. mars kl. 12 – Kling lunsjmusikk
I Nordsalen, Sunnfjord kulturskule.
Ei kort etterklangstund med kaffi og lefse – perfekt avslutning på jobbveka.

Vel den konserten som passar best – vi ønskjer deg varmt velkommen! 🌟

Facebook‑hendingar:
• Lunsjkonsertar med distriktsmusikarane på Røyst
• Lyarscena - Ein tur nordover
• Kling lunsjkonsertar våren 2026

Teater Vestland
Røyst mat & vin
Førdehuset
Sunnfjord kulturskule

Grunna privat arrangement held vi stengt på dagtid laurdag 7 mars. Vi opnar på kvelden kl 19.30 og ønskjer dykk hjartele...
05/03/2026

Grunna privat arrangement held vi stengt på dagtid laurdag 7 mars. Vi opnar på kvelden kl 19.30 og ønskjer dykk hjarteleg velkomen då. Takk for forståinga - gler oss til å sjå dykk på kvelden!

Velkomen til teaterkafè i morgon kl 11.30 🎭
03/03/2026

Velkomen til teaterkafè i morgon kl 11.30 🎭

Bli med og gjer stas på Rolf Losnegård 🥳 Dramatikaren har runda 80 år, og vi gløttar tilbake på eit nesten 50 år langt samspel mellom han og teateret. I tillegg får vi høyre om det ferske stykket «Ein herre med namnet Parkinson». Hjarteleg velkommen til teaterkafé i Røyst i lunsjen 4. mars. (Lenke i kommentar.)

På bildet ser du jubilanten saman med ei blekkteikning som har følgt han og kona Anne Britt gjennom heile samlivet. Dei kjøpte han av ein omvandrande kunstnar då dei budde på studenthybel på Fantoft, og han har blitt med dei via ein sjølveigar i Bergen til Lillestrøm og heilt inn på Rolf sitt arbeidsrom i Vårdal. Der har dei to stira på kvarandre i fleire tiår. I «Ein herre med namnet Parkinson» klyv dei opp på scena i lag.

Velkomen til lunsjkonsert i dag kl 11.30 🎶🎶
11/02/2026

Velkomen til lunsjkonsert i dag kl 11.30 🎶🎶

STEG – Samme veg, ulike avtrykk

Fløyte og gitar er ein klassisk duo. Sidan Helga og Jacob møttest, har vegane deira gått både saman og kvar for seg. Denne konserten trakkar opp gamle fotspor, tek særeigne sidevegar og hentar fram musikalske skattar.
Publikum kan glede seg til ein variert, vakker, humoristisk og lun konsert med musikk frå 1900-talet til notida.
Helga Lied Wyrtz, fløyter
Jacob Kragelund Wyrtz, gitarar

Du kan oppleve konserten på tre måtar:

Onsdag 11. februar kl. 12
LUNSJKONSERT PÅ RØYST
Gratis, uformell smakebit.

Torsdag 12. februar kl. 19
LYARSCENA
(heile konserten i Nordsalen, Sunnfjord kulturskule)
Billettar: https://fordehuset.no/lyarscena-steg-j4p5dm/

Fredag 13. februar kl. 12
KLING LUNSJMUSIKK
i Nordsalen, Sunnfjord kulturskule
Ei kort etterklang‑stund med kaffi og lefse – perfekt avslutning på jobbveka.

Du vel sjølv den konserten som passar – vi ønskjer deg varmt velkommen.

Link til facebookhendingar:
Lunsjkonsertar med distriktsmusikarane på Røyst
Lyarscena - STEG
Kling lunsjkonsertar våren 2026

Røyst mat & vin
Teater Vestland
Sunnfjord kulturskule

Adresse

Storehagen 10
Førde
6800

Åpningstider

Tirsdag 11:00 - 20:00
Onsdag 11:00 - 20:00
Torsdag 11:00 - 22:00
Fredag 11:00 - 23:59
Lørdag 11:00 - 23:59

Telefon

+4757727777

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Røyst mat & vin legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Røyst mat & vin:

Snarveier

Del