16/08/2026
Sommaren går mot haust på Hageseter 🍂⛰️
Den store høgsesongen for sommaren nærmar seg slutten, og vi kan sjå tilbake på ein skikkeleg fin sommar her på fjellet.
Tusen takk til alle dykk som har besøkt oss, anten de har budd på rom eller hytte, campa, stoppa for ein matbit eller berre vore innom på vegen. Det er alle møta med dykk som er med på å gjere sommaren på Hageseter så triveleg.
No nærmar kvardagen seg att for mange, medan vi her på fjellet går ei av dei aller finaste tidene i møte. 🍁 Haustfargane kjem sakte, lufta blir klarare og fjellet litt rolegare.
Sjølv om den travlaste sommarsesongen går mot slutten, held vi framleis ope og ønskjer både nye og kjende gjester hjarteleg velkomne til Hageseter utover hausten. 🏔️
Overnatting kan bestillast på heimesida vår, eller de kan ringe oss for bestilling og spørsmål.
Takk for ein flott sommar så langt, og velkomen til fine haustdagar på Hageseter