20/09/2026
Årets råaste julebord på TYA! 🎅✨
I år satsar vi på TYA alt på eitt einaste julebord – men til gjengjeld skal dette bli heilt fantastisk!
Vi inviterer til ein ugløymeleg kveld med den beste maten og den tøffaste musikken som blir å høyre i Årdal i førjulstida.
Dette får du for 900 kr:
Tradisjonell og nydelig juletallerken med alt av tilbehør
Ein skikkeleg deilig konfekt/desert til avslutning
Live musikk i verdsklasse
Sikre deg plass allereie no!
Send oss ein melding for å reservere, for her kjem plassane til å ryke fort.
Dette vil du ikkje gå glipp av!
Anita Nordheim Blues n’ Groove Company til TYA
28 november kjem Anita Nordheim Blues n’ Groove Company til TYA i Årdal med blues, soul, funk, groove og eit stort sound.
Bandet er kjent for energiske konsertar med sterke låtar og mykje speleglede. Anita Nordheim frå Høyanger står i front med uttrykksfull vokal og saksofon.Konserten har ei sterk lokal forankring. Faren til Anita kom frå Årdal, og ho har sjølv spelt i bygda fleire gonger med ulike band. Anita Nordheim Blues n’ Groove Company har tidlegare gjesta Årdal under Målrock.Bandet debuterte med Despite og har spelt på festivalar og klubbscener over heile landet, mellom anna Notodden Blues Festival. I 2026 kom albumet Turn The Page, som har fått svært god omtale i Bluesnews. Anmeldaren trekkjer fram krafta, grooven og Anita si sterke og personlege formidling – og omtalar bandet som noko av det beste ein får frå eit norsk band i år.
Med i bandet: Peter Sæverud – bass
Marius Mathisen – trommer
Henning Hodne Mjanger – gitar
Tancred Heyerdahl Husø – trompet
Håvar Skaugen – tenorsaksofon
Anita Nordheim – vokal og saksofonar