Kafé Motti

Kafé Motti Sommarkafé i Høyheimsvik med enkel servering både inne og ute med flott utsikt ved turistvegen langs Lustrafjorden. Hjarteleg velkommen!

Me serverer varm og kald drikke, is og fersk bakst.

"En sommer er over .....", og me avsluttar på Kafe Motti søndag 23. august.  Velkomne alle som vil besøka oss siste veka...
18/08/2026

"En sommer er over .....", og me avsluttar på Kafe Motti søndag 23. august. Velkomne alle som vil besøka oss siste veka og takk til alle som har vore innom og lagt att gode ord om mat og drikke, om lokalet vårt og det fine utsynet!

10/08/2026

Så vart det ein ny kveld for minneboka på Kafe Motti. Her kjem eit par snuttar av eit halvannan times program med skjemt og alvor frå Alf Prøysen. Tusen takk til Helene, Marit og Renate!

Vil berre minna om at det kjem tre flinke damer og underheld på kafe Motti søndag 9. august kl. 19.Me held ope frå kl. 1...
06/08/2026

Vil berre minna om at det kjem tre flinke damer og underheld på kafe Motti søndag 9. august kl. 19.
Me held ope frå kl. 18 om nokon har lyst på noko å eta eller drikka før underhaldninga startar.
Elles er det vanlege opningstider fram til søndag 23. august:
Onsdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag kl. 11 - 16 i tillegg til fredagskveldane kl. 19 - 22. (Måndag og tysdag stengt)

28/07/2026
Så er halve sommaren over og mykje av varmen, ser det ut til.  Likevel er det triveleg å driva i turistbransjen og å ha ...
28/07/2026

Så er halve sommaren over og mykje av varmen, ser det ut til. Likevel er det triveleg å driva i turistbransjen og å ha ein liten kafe å stella med. Takk til alle som har vore innom, og velkomne alle som i dagane som kjem har lyst på god bakst, fint lokale og utsikt! Me held fram til søndag 23. august. Spesielt fredagskveldane med pizza har vorte populære.
Søndag kveld 9. august kl. 19 vil Helene, Marit og Renate laga ei hyggestund på Kafe MOTTI med framføring av Prøysen sine tekster og musikk. Me gler oss til det!

På grunn av privat arrangement, må me halda stengt onsdag 15. juli.Me kjem sterkt att torsdag, fredag, fredag kveld (19-...
13/07/2026

På grunn av privat arrangement, må me halda stengt onsdag 15. juli.
Me kjem sterkt att torsdag, fredag, fredag kveld (19-22), laurdag og søndag, så ver hjarteleg velkommne i finveret!

Me har dessverre ikkje høve til å visa den store kampen mot England laurdag kveld/natt på Kafe MOTTI, men fredag har me ...
09/07/2026

Me har dessverre ikkje høve til å visa den store kampen mot England laurdag kveld/natt på Kafe MOTTI, men fredag har me først ope 11 til 16, og så opnar me att 19 til 22 om du har lyst på ein pizza og noko godt å drikka eller berre vil ut og treffa folk. Velkomne!

06/07/2026

Ein utruleg flott kveld på kafe MOTTI! Her ser me berre starten.

Om du vil sjå kampen Noreg - Brasil på litt større skjerm og i hyggeleg lag, så kom på KAFE Motti i kveld - søndag 5. ju...
05/07/2026

Om du vil sjå kampen Noreg - Brasil på litt større skjerm og i hyggeleg lag, så kom på KAFE Motti i kveld - søndag 5. juli.
Me held oppe frå kl. 20 og til kampen er slutt.
Uansett resultat, kan me feira med pizza, vafler, toast eller dei gode kakene som damene har bakt i dag! Godt drikke har me og. Velkomne!

Me er i full gang med sommarsesongen og ønskjer alle velkomen innom kafeen vår!Torsdag og fredag denne veka har me ope k...
01/07/2026

Me er i full gang med sommarsesongen og ønskjer alle velkomen innom kafeen vår!
Torsdag og fredag denne veka har me ope kl. 11 til 16 i tillegg til kveldsope fredag kl. 19 til 22. Då er det som regel mange som kjem for å få seg ein god pizza!
Laurdag 4. juli held me stengt, då vertskapet er sterkt involvert i opniniga av Løa - det siste av ti hus som Luster Turlag har bygt eller restaurert i Fuglesteg. Bli med ein tur dit den dagen!

Adresse

Lustravegen 2623 B Høyheimsvik
Marifjora
6875

Åpningstider

Tirsdag 11:00 - 16:00
Onsdag 11:00 - 16:00
Torsdag 11:00 - 17:00
Fredag 11:00 - 16:00
20:00 - 00:00
Lørdag 11:00 - 16:00
20:00 - 00:00
Søndag 11:00 - 16:00

Telefon

+4795874596

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kafé Motti legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kafé Motti:

Snarveier

Del

Type