Småbruket Moen

Småbruket Moen Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Småbruket Moen, Cateringfirma, Øvre Lårdal, Lardal.

Siste dag på Dyrsku'n i dag, og med litt godvilje kan me seie at det er spådd iskremvêr! Ta ein tur innom Sterke-Nils-tu...
13/09/2026

Siste dag på Dyrsku'n i dag, og med litt godvilje kan me seie at det er spådd iskremvêr! Ta ein tur innom Sterke-Nils-tunet og sjå etter isen til Småbruket Moen, då vel 😇

PÅFYLL OG 🍯🌶️ NYHEITER 🌶️🍯 på Nøsteriet!I sommar har me vore så travle med isproduksjon at frysaren og hylla vår på Nøst...
11/09/2026

PÅFYLL OG 🍯🌶️ NYHEITER 🌶️🍯 på Nøsteriet!

I sommar har me vore så travle med isproduksjon at frysaren og hylla vår på Nøsteriet diverre har vore litt skrantne. Ida fortel at folk spør om me skal slutte??!!

Men neidå! No er iskremsesongen trappa ned på eit minimum, men honningsesongen er på topp! Me har sommarhonning i ulike storleikar på glasa, og lynghonningen er rett rundt hjørnet. Og sakte men sikkert vil det no kome diverse småkaker og annan bakst. Dei populære nøttemarengsane er allereie på plass, og det same er lavkarbobrødet og nøttebotnane. Me har også litt te, syltetøy og chutney. Litt iskrem er det framleis, og egg har me i kjøleskåpet. Blomesaltet er tomt akkurat no, men påfyll kjem så snart me har fått henta fleire glas.

Men no vil me trekkje fram ei spennande nyheit:
🍯🌶️ HEIT HONNING! 🌶️🍯

Me har laga ein uimotståeleg god honningdressing med chili og eplecidereddik! Den kan anbefalast på alt frå laks, pizza, salat, avocadotoast, foccaccia til ost ... You name it! Eller kva med å blande den heite honningen med litt soyasaus og kvitlauk for en fantastisk marinade, eller med smør for å peppe opp potetane? Uansett blir det NAM! Likar du søt chilisaus er dette produktet for deg. Men der sausen frå butikk smakar mest sukker ... har denne ein spesiell, djup aroma som du berre får frå honning. Her heime er me hekta, og brukar på produktet på omtrent alt, he he ...

(Eg kan tilstå her nede på slutten, der sikkert ingen les, at eg her ein kveld fekk heilt dilla på kvitlauksbrød overringla med heit honningdressing og omtrent åt meg forderva på det! Det var i grunnen då eg skjøna at dette produktet fortener eit liv utanfor husets fire veggar!)

Ta deg ein tur innom Nøsteriet, og når du er ferdig med å boltre deg i garn og fargar med Ida eller ein av dei flinke medarbeidarane hennar, er det triveleg om du stikk innom matkroken til Småbruket Moen for ein titt! ☺️

Skal du på Dyrsku'n i Seljord i år? 🐂🐄🐖🐏🐐🐓🐔Då må du ta deg ein tur innom ystebui på Sterke-Nils-tunet! Der får du mellom...
11/09/2026

Skal du på Dyrsku'n i Seljord i år? 🐂🐄🐖🐏🐐🐓🐔

Då må du ta deg ein tur innom ystebui på Sterke-Nils-tunet! Der får du mellom anna kjøpt den handlaga iskremen til Småbruket Moen! To smakar: Vanilje og blåbær.

Iskremen er laga i Lårdal, med berre naturlege ingrediensar og ingen e-stoff. Dette er altså snakk om fullstendig rein vare, laga med mykje godsaker, tid og kjærleik, milevis frå alt som heiter fabrikk og ultraprosessering. Det er ikkje mykje iskrem i handelen som blir laga på denne måten lenger.

I tillegg til rause mengder økologisk vaniljestong frå Madagaskar og ekte skogsblåbær frå skogane i Vest-Telemark, inneheld isen økologisk heilmjølk frå Rørosmeieriet, kremfløyte frå TINE, økologisk rørsukker, eggeplomme frå eigne høner, honning frå eigne bier og økologisk sitronsaft.

Her på Småbruket Moen hadde me eigentleg trappa isproduksjonen ned på eit minimum for sesongen, men då me fekk førespurnad frå Budeieveven, Norsk seterkultur, Norsk Gardsost, Telemark Bondelag, Dyrsku'n og Food stories om dette oppdraget, var det berre å brette opp erma igjen! Det var jo både moro og stas og bli spurt! Og 400 beger er no levert! Skund deg å sikre det eitt eller fleire. Når det er tomt er det tomt! ;-)

Me seier tusen hjarteleg takk til oppdragsgjevarane og ynskjer alle ei strålande helg på Dyrsku'n!

PS: Akkurat i dag er det litt vått, men i morgon og sundag kjem det betre iskremvêr! 🌞🌞😎🌞🌞

PPS: Orsak AI-plakaten! Når tida blei så knapp som ho blei, var det slik det måtte bli ;-)

Viss det er nokon her som har sakna rabarbrachutneyen vår, kan eg melde at han er på kok no! Då eg selde denne i REKO-ri...
03/07/2026

Viss det er nokon her som har sakna rabarbrachutneyen vår, kan eg melde at han er på kok no! Då eg selde denne i REKO-ringen Vest-Telemark 🥕🥩 var det fleire kundar som melde om seriøs avhengigheit, og som var fortvila fordi eg ikkje laga han i fjor. Men nuh! skal det altså skje!

Chutneyen er stappfull av godsaker og passar spesielt godt til ost! Kjem for sal på Nøsteriet ein av dei næraste dagane.

Rabarbrasyltetøyet med kanel er også klart, og snart kjem det fleire variantar! Alle inneheld honning frå eigne bier og sitronsaft i tillegg til fairtrade rårrørsukker! Hugs å sjekke hylla og frysaren vår på Nøsteriet når du er innom!

Deler denne på nytt! Lokalbui Tokke er nemleg open også i dag mellom 11 og 16 😍 Men no kan eg ikkje skryte av eit fullt ...
21/06/2026

Deler denne på nytt! Lokalbui Tokke er nemleg open også i dag mellom 11 og 16 😍 Men no kan eg ikkje skryte av eit fullt isskåp lenger. Etter Dalsmarken er det nok berre halvfullt ... 😇

Eg har vakt på Lokalbui Tokke i dag. I høve Dalsmarken har eg teke med litt meir og anna enn eg vanlegvis sel her! Gulro...
19/06/2026

Eg har vakt på Lokalbui Tokke i dag. I høve Dalsmarken har eg teke med litt meir og anna enn eg vanlegvis sel her! Gulrotmuffins med eple og sjokolade med kremostglasur og to typar strø. Kaffi, te og saft sel eg òg. Dette tilbodet blir tilgjengeleg fram til 15:30-tida, då ein annan tek over "sjappa". Forresten har me no fått blåbæris! Full av blåbær og knall lilla! Håpar du kjem innom!

Hei, folkens! 🍧🍨🍦🧁Hugs at du kan få kjøpt iskremen vår også på Nøsteriet på Dalen! Me har ikkje alle smakane der, og utv...
11/06/2026

Hei, folkens! 🍧🍨🍦🧁

Hugs at du kan få kjøpt iskremen vår også på Nøsteriet på Dalen! Me har ikkje alle smakane der, og utvalet vil variere frå veke til veke, men har du lyst på iskrem bør det kunne ordne seg! Nøsteriet er også den einaste staden me sel 490 ml-boksane med iskrem no for tida. Der får du også kjøpt den populære nøttemarengsen, nøttebotnane, lavkarbobrødet, te, syltetøy, honning, egg og blomesalt!

Ynskjer du å kunne boltre deg i heile utvalet vårt av stuttreist, småskala iskrem må du anten gå til Buøy Camping (som har ope kvar dag), eller til Lokalbui Tokke når denne har ope i helgene. (Det blir utvida opningstider når skuleferien startar!)

Skund deg å nyte ein stuttreist is før regnet høljar ned att! 😅

KAKE PÅ LUR? 🍰🍰🍰Endeleg har me fått laga opp att litt av dei populære nøtte- og mandelbotnane, som me sel i pakkar på 2 ...
08/06/2026

KAKE PÅ LUR? 🍰🍰🍰

Endeleg har me fått laga opp att litt av dei populære nøtte- og mandelbotnane, som me sel i pakkar på 2 stk. Sprø ytst og saftige inni. Dei kan du oppbevare i frysar i månadsvis, tine på eit blunk og lage enkle eller doble kaker med suksesskrem, sjokoladekrem, bringebærkrem, iskrem, fløtekrem, krokankrem, karamellkrem ... you name it!

Poenget er at det er enkelt å trylle fram ei kake viss nokon kjem på kort varsel! Sjå biletet for forslag til fyll/topping. Og skulle det akutte søtsuget bli for stort (eller gjesten kome for brått på ...) har me fått rapportar om at desse kakebotnane er så gode i seg sjølve at dei kan etast i småbitar som konfekt!

I kakebotnane er det berre reine varer og sjølvsagt ingen E-stoff: Hasselnøtter, mandlar, melis, eggekvite frå eigne høner og bakepulver.

Førebels får du dei berre på Nøsteriet på Dalen! Veit du om fleire som burde selje desse kakebotnane, er det berre å kome med forslag, anten til oss eller til dei du skulle ynskje ville ta dei inn.

Med tid og stunder kan det hende me kan tilby boksar med ferdig fyll attåt, men akkurat no har me berre kapasitet til å lage botnane.

Nyt kaka! 🍰🍰🍰

Lokalbui Tokke er open også i dag, sundag 11–16!Frysaren er full med nylaga iskrem frå Småbruket Moen: Vanilje, sjokovan...
07/06/2026

Lokalbui Tokke er open også i dag, sundag 11–16!

Frysaren er full med nylaga iskrem frå Småbruket Moen: Vanilje, sjokovanilje, sitronmarengs, peanøttkaramell, sjokolade, cappuccino, mokka, plomme, mintsjokolade, krokan og (nyheit!): Jordbær! Neste veke kjem det blåbær viss alt går etter planen! (NB: Biletet er eit par veker gamalt, og syner ikkje heile utvalet!)

Dei populære nøttemarengsane og marengstoppane våre finn du òg på hylla der!

Eg har også laga opp nokre lavendelputer frå Rand og rose tekstilverkstad. Ein liten og eksklusiv kolleksjon! (Igjen gamalt bilete, så ikkje alle desse fargane er ferdige enno!) Desse putene blir mykje bruka som naturleg møllmiddel. Heng posen rundt kleshengjarkroken i bunadsposen!

På Lokalbui Tokke får du også flotte produkt frå andre lokale produsentar, som flatbrød, bøker, grillmat, gelé, hundeutstyr, strikkevarer, hekla produkt, knivar og mykje meir eg har gløymt!

Hugs at me også sel iskremen vår på Buøy camping! Der kan ein betale med kort. (På Lokalbui Tokke er det førebels berre kontant og Vipps). Buøy camping har ope heile veka!

Adresse

Øvre Lårdal
Lårdal
3891HØYDALSMO

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Småbruket Moen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Småbruket Moen:

Snarveier

Del